Kan få store følgjer for Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein slik avtale kan få store konsekvensar for Noreg, seier næringsminister Monica Mæland (NTB) til NTB.

Ein avtale kan ramme delar av norsk industri og eksport hardt, og svekkje Noregs moglegheit til å påverke EU.

Det kjem fram i ein rapport Mæland, saman med europaminister Vidar Helgesen (H), la fram fredag om konsekvensar for Noreg av eit handels- og investeringssamarbeid (TTIP) mellom EU og USA.

– TTIP kan ha til dels omfattande konsekvensar for norske interesser, medrekna verdiskaping og næringsstruktur, og kan dessutan redusere vår påverknad i regelverksutforminga gjennom EØS-avtalen, heiter det i rapporten.

Ifølgje rapporten er det grunn til å tru at norsk industri vil få ei konkurransemessig ulempe på den amerikanske marknaden. Samtidig vil konkurransesituasjonen for norsk fiskeeksport sannsynlegvis bli «tydeleg forverra av TTIP.

– For både industrivarer og fisk vil det vere svært viktig å sikre norske bedrifter tilsvarande rammevilkår som det EU og USA oppnår gjennom TTIP, heiter det. (©NPK)