19-åringen Benjamin Myrstad er klar for både å styre 300 tillitsvalde og å ta kjipe avgjersler.

Faktaboks

Benjamin Myrstad
Aktuell: Påtroppande leiar av Elevorganisasjonen
19 år. Fødd i Hakadal, Akershus, men oppvaksen i Moss, Østfold.
Etter vidaregåande med realfag sat han 1 år som sentralstyremedlem i EO, før han vart vald som leiar.
Vidare studiar er satt på vent, men han ser føre seg at han endar opp på UiO.
Interessert i skuleforsking og politikk, i tillegg til IKT og økonomi.

LES FAKTALUKK FAKTA

Benjamin Myrstad tykkjer ikkje folk er hårsåre berre fordi dei ikkje liker ein tørr vits. No har han satt studiane på vent for å leie Elevorganisasjonen.

– For det første, gratulerer med nytt verv! Korleis kjennest det å skulle tale saka til elevar og lærlingar i heile landet?

– Tusen takk! Nei, det er ei veldig rar kjensle. Eg har ei veldig stor oppgåve framføre meg og heldigvis står eg ikkje åleine. Eg gler meg til å kunne representere Elevorganisasjonen!

– Kvifor ville du bli leiar i EO og kva gjer deg til ein god leiar?

– Eg hadde ein ganske kraftig prosess med meg sjølv i forkant av valet, og eg ville ikkje stilt som leiar dersom eg ikkje hadde kjent at eg var den best eigna kandidaten. Eg er klar og tydeleg i kommunikasjonssituasjonar og er ikkje redd for å ta dei litt kjipe avgjerslene. Det ser eg på som viktig når ein skal leie ein ungdomsorganisasjon.

LES OGSÅ:– Slutt å snakk skulen ned

– Kva håpar du å oppnå som leiar?

– Vi har sjølvsagt våre politiske prioriteringar, så om eg kan få gjennomslag for dei vert eg veldig nøgd. I stor grad handlar dette arbeidet om å sørgje for at elevane sine rettar vert teke vare på i alle ledd, og at stortingspolitikarar som kanskje ikkje har vore i skulen på 20-30 år skal få høyre frå nokon som faktisk er der kvar dag. Elles handlar det om organisasjonsbygging, for vi har ein del utfordringar på den fronten òg.

LES OGSÅ: Elevar får rett til å gi tilbakemelding

– Under Elevtinget var eksamen før anonym retting av prøver, karakterfri barneskule, auka løn for lærarane og elevane si psykiske helse nokre av sakene som var viktige. Kva vert den viktigaste saka for deg det komande året?

– Dei viktigaste sakene for meg i året som kjem er våre politiske prioriteringar. Dei handlar om betre kvalitet på skulebygg, ei betre og meir rettferdig vurdering av elevar, og eit fokus på skulehelsetenesta.

– Kva trur du vert mest utfordrande som leiar? 

– Nei, no skal eg jo styre ein organisasjon med 300 tillitsvalde. Det har eg aldri prøvd før! Det er vanskeleg å peike på ein konkret ting som den største utfordringa, men eg trur eg skal ha nok å prøve meg på gjennom året!

LES OGSÅ:Kritiske til innføringa av anonym retting

– Til sist: Vi har sjølvsagt fått med oss reaksjonane etter at du uttala på Landsmøtet til Norsk Målungdom at du ikkje forstår nynorsk. ‘Sjakktrekk’, tvitra Vegard Storsul Opdahl i Målungdommen. ‘Ein vits som ikkje slo an’ og ‘for å understreke at sidemålsopplæringa må styrkast i VGS’, svara du. Vil du utdjupe kva du meinte?

– Hehe, eg tenkte meg at eg kom til få eit spørsmål om dette. Elevorganisasjonen kjemper for valfritt sidemål, og at sidemålet skal verte styrka i grunnskulen. For å kunne velje om ein skal ha sidemål eller ikkje, er det viktig at alle har likt grunnlag. Når det kjem til vitsen i seg sjølv, så ser eg at den ikkje var så morosam som eg trudde.

– Kva tenkjer du om reaksjonane på spøken? Er nynorskfolket for hårsåre?

– Eg vil ikkje sei at ein er hårsår berre fordi ein liker ein litt tørr vits.

LES OGSÅ:Dette står høgast på ønskelista

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE