mm

– Me ser at det er mange ungdommar som dett frå som bibliotekbrukarar. Det skjer i byrjinga av ungdomsskulen og gjeld særleg gutane, fortel Randi Nordlien Berg, biblioteksjef i Nord-Fron.

Dei fekk 100.000 kroner til prosjektet «Ungdom engasjerar ungdom med biblioteket som arena» då Nasjonalbiblioteket førre veke delte ut 12,1 millionar til 62 ulike bibliotekprosjekt over heile landet.

LES OGSÅ: – Ungdom mistar lesesatsing

Ubrukt potensiale
For å treffe målgruppa har biblioteket invitert med ungdomsrådet i kommunen, som har kome med idear.

– Biblioteka har eit mykje større potensiale, enn det ungdommen ser, meiner Astrid Flåtåmo, leiar i Nord-Fron ungdomsråd.

16-åringen er glad for at ho og resten av ungdomsrådet vart inkludert i prosjektet.

– Me er glade for denne sjansen og at nokon lyttar til oss. For me er interesserte i å verte høyrt.

LES OGSÅ: – Det er ikkje god nok sakprosa for ungdom

Ung satsing
Nasjonalbiblioteket har merka seg at uvanleg mange av biblioteka satsar på ungdom, når dei har søkt om midlar til nye prosjekt.

– Eg vart positivt overraska over at biblioteka er så opptekne av dette, seier Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket.

– Eg tenkjer det er kjempeviktig fordi det ikkje er så mange andre som skapar denne typen offentleg arena for ungdom. Det vert ein slags skule i demokrati og samfunnsengasjement, der dei kan framføre meiningane sine, seier Tinnesand.

LES OGSÅ: Time er årets bibliotek

Unge debattar
Tildelinga av midlane skal bidra til å gjere biblioteka betre rusta til å fylle formålsparagrafen i den nye biblioteklova, som tredde i kraft 1. januar. Her heiter det at folkebiblioteka skal vere uavhengige møteplassar og arenaar for offentleg samtale og debatt.

Andre bibliotek som har fått pengar til å utvikle ungt engasjement er Bergen offentlege bibliotek med prosjektet «Ung delaktighet» og biblioteka i Sunnhordland med debattprosjektet «Me snakkast!», der Framtida er involvert.

Størst er tildelinga til Deichmanske bibliotek i Oslo, som får heile 750.000 kroner til ungdomsprosjektet «Vårt liv – min mening», eit prosjekt Tinnesand har stor tru på.

Sjå oversikt over alle tildelingane her.

LES OGSÅ: – Låner faretruande lite nynorsk

Meir hygge
I Nord-Fron vonar dei at prosjektet vil auke biblioteket sin populariteten blant dei yngre i kommunen.

– Me vil vere ein kulturarena for læring og eigenutvikling, men òg fritidsaktivitet og hygge, seier biblioteksjefen, som er redd mange ungdommar ser biblioteket meir som det første enn det siste.

Mellom forslaga ungdomsrådet i Nord-Fron har kome med for å oppnå dette er mellom anna: Eit stillerom til å samarbeide om lekser i, sofa og stolar slik at ein kan sitje på biblioteket og lese og forfattarbesøk som kan lese og inspirere, eller halde skrivekurs.

LES OGSÅ: Halve befolkninga bruker biblioteka

Skjermkamp
Biblioteksjefen trur det at ungdommen sviktar biblioteka har noko med samfunnsutviklinga å gjere.

– Me har mange skjermar å sloss med, peikar ho på.

No vil dei ta i bruk mellom anna film for å vekkje samfunnsengasjementet og debattinteressa hjå dei yngre i bygda. Kanskje kan filmar basert på J.R.R Tolkien sine Ringenes Herre bøker vere noko som kan fengje begge kjønn og skape grunnlag for debatt.

– Me ynskjer å vise fram det me har i hyllene, og at det ikkje skal vere eit pliktløp å nytte biblioteket, avsluttar biblioteksjefen.

Og ungdområdsleiaren medgjev at i ein travel kvardag vert det ikkje til at ho nyttar biblioteket så mykje som ho skulle ynskje. Kanskje vil det betre seg no.

LES OGSÅ: Satsar meir på unge og lokal kultur

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE