Kvart tredje valdtektsoffer ventar med å gå til politiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ventar med å gå til politiet

Av dei i alt 748 valdtektsmeldingane i fjor kom 250 først ei veke etter valdtekta eller seinare. Somme av offera ventar fleire månader før dei går til politiet, skriv VG.

Tala går fram av rapporten «Voldtektssituasjonen 2013», som Kripos legg fram torsdag.

At det mange gonger tar lang tid før valdtektsoffera melder saka til politiet, kan få store konsekvensar for etterforskinga. Viktige spor som DNA-bevis kan gå tapt.

– Det er lettare å prioritere ei fersk sak enn noko som skjedde for fleire månader sidan. Eit ferskt bevis er ikkje noko vi kan vente med, seier Harald Skjønsfjell, som er leiar for valdtektsgruppa i Kripos. (©NPK)

LES OGSÅ: Éi av ti kvinner har blitt valdtatt