Biskop-nei til KRLE

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seks biskopar meiner kyrkja ikkje er tent med ein oppheita debatt om religionsfaget, og at namneendringa frå RLE til KRLE – der K-en står for kristendom – kan gjere at fleire vil søkje om fritak frå faget, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: KRLE tidlegast i 2015

– Ikkje tent med
– Forslaget vert av mange sett på som ein omkamp om faget, som vert tolka som om kyrkja og kristendommen tviheld på særstillinga si i samfunnet. Det førte til ein oppheita debatt då det vart kjent. Det er me etter mitt syn lite tent med. Eg ser det ikkje som naudsynt med endringar for å verkeleggjere målet for faget, seier biskop Helga Haugland Byfuglien, den øvste leiaren for Den norske kyrkja, til avisa.

Av dei tolv biskopane i landet er minst fem andre samde med Byfuglien, blant dei biskop i Tunsberg, Laila Riksaasen Dahl.

LES OGSÅ: KRLE-fag kan bryte med menneskerettane

Folkemotstand
Kristendom, religions- og livssynskunnskap (KRL) vart erstatta av Religion, livssyn og etikk (RLE) i 2008. Det nye faget, der kristendom igjen vert teke inn i namnet, skal innehalde minst 55 prosent kristendomsundervisning.

Planane om å endre faget igjen møter likevel stor motstand også blant folk flest. 18.000 har underteikna eit opprop mot faget, medan heile 32.000 personar har meldt seg inn i ei protestgruppe mot faget på Facebook, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: – Skal ikkje vere misjonerande