KRLE tidlegast i 2015

Det nye religionsfaget i skulen med meir kristendom blir ikkje innført frå neste skoleår.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter avtalen mellom regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia Venstre og KrF skal RLE-faget (religion, livssyn og etikk) gjerast om til KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk). Faget skal innehalde minst 55 prosent kristendom.

KrF skulle gjerne innført faget allereie frå skulestart til hausten, men må smørje seg med tolmod, skriv avisa Dagen.

– Vi har fått svar frå departementet som seier at endringa i KRLE-faget blir innført frå og med skuleåret 2015/2016. Det tar litt tid å gjere slike endringar, mellom anna fordi alt læremateriellet også må tilpassast, seier utdanningspolitisk talsmann i KrF Anders Tyvand til avisa.

Statssekretær Birgitte Jordahl (H) i Kunnskapsdepartementet vil likevel ikkje seie noko nøyaktig om tidspunktet for innføringa av det nye faget.

– Vi har starta arbeidet med å gjennomføre avtalen mellom regjeringspartia, Venstre og KrF om KRLE-faget. Det nye faget blir innført i denne regjeringsperioden. Det er for tidleg å seie noko om når, men det er ikkje meldt opp som sak for Stortinget i denne vårsesjonen, seier ho. (©NPK)