Disco lovers mot Defence League
Oslo: Hundrevis av personar tok del i folkefesten mot rasisme, då innvandringsfiendtlege organisasjonar demonstrerte mot islam like ved.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Disco mot Defence League
Samstundes som tidlegare medlemmar av Norwegian Defence League (NDL) protesterte mot Islam utanfor Stortinget, spelte Norwegian Disco Lovers (NDL) opp til dans ved Spikersuppa i Oslo.
Berre hundre meter unna den anti-islamske og innvandringsfiendtlege demonstrasjonen utanfor Stortinget laurdag, var hundrevis av menneskjer samla til motdemonstrasjon og folkefest mot rasisme. Med musikk, appellar, ansiktsmåling, bollar og saft ynskte antirasistiske organisasjonar og privatpersonar å vise sin avsky mot demonstrasjonen like ved.
– Vi bestemte oss for å gjere hygge ut av det her. Det er mange grupper som utsettast for rasisme og det må vi bli flinkare til å seie høgt, derfor er det så mange ulike organisasjonar her i dag. Demonstrantane ved Stortinget har sjølvsagt rett til å seie kva dei meiner, men vi ville vise at det finst menn som med hygge, sprell og disco kan ta til motmæle gjennom ein folkefest, fortel Mina Adampour, leiar i Ungdom mot Rasisme.
Saka fortset under biletet.
Mina Adampour er leiar i Ungdom mot Rasisme og Shoaib Sultan er rådgjevar i Antirasistisk Senter.
LES OGSÅ: Det ulogiske rasehatet
Protesterte mot «islamisering»
Trass i få frammøtte var store politiressursar aktive på området rundt Eidsvoll plass ved Stortinget der den innvandringsfiendtlege demonstrasjonen fann stad.
– Vi kjempar for landet og folket vårt. Slik det er blitt no blir alle religionar likestilte og born får knapt høyre om kristendommen i skulen. Kristendommen er kjærleikens religion, medan islam er sverdets ideologi, så det er to motsetningar, sa Kjersti Margrethe Adelheid Gilje frå Demokratene, som leia demonstrasjonen laurdag.
Gilje er også aktiv i Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) og tidlegare Norwegian Defence League. Dei frammøtte var meiningsfeller frå det same miljøet.
Under banneret «Norske patrioter, Frihetsforkjemperne» heldt Gilje og andre appellantar innlegg mot islam og den politiske utviklinga i Noreg. I Giljes appell vart både EU og menneskerettane kritisert for å vere skapte av globalistar og sosialistar som ifølgje Gilje vil «binde nordmenns hender og føter til å følgje deira idear, som ikkje gjer nordmenn meir frie, men bryter mot den norske Grunnlova».
Etter nokre appellar og avspeling av norske klassikarar sleit demonstrantane med lydanlegget og måtte avslutte tidlegare enn planlagt. Gilje lova mellom 40 og 50 frammøtte meiningsfeller, men talet på demonstrantar bak politiets sperringar var langt færre.
– Det er ikkje populært å kjempe for det vi kjemper for, vi blir håna, latterleggjort og kalla rasistar, men det er vi vande med. Vi vil seie ifrå, muslimar vil inn i styre for å ta over landet. Om dei blir mange nok blir dei farlege, seier Gilje.
LES OGSÅ: Den nye nazismen
– Dette er rasisme
Opp mot 40 organisasjonar var tilslutta folkefesten mot rasisme, mellom anna fleire politiske ungdomsparti, samfunnspolitiske og livssynsbaserte organisasjonar.
– Når ein ynskjer å dele menneske inn i vi og dei basert på etnisitet og tru så er dette rasisme. Det ynskjer ikkje vi å vere med på, vi vil i det heile tatt ikkje anerkjenne det menneskesynet som demonstrantane på Eidsvoll plass har.
LES OGSÅ: Antirasisme skal inn i skulen
Forbipasserande reagerte
Medan enkelte klappa, reagerte andre tilskodarar og forbipasserande med rop og buing. Faten Mahadi (19) og Zainab Taher (18) er begge muslimar og reagerte sterkt på demonstrasjonen utanfor Stortinget.
– For det første trur eg ikkje dei har kunnskap om islam i det heile tatt. Eg er norsk muslim og elskar kristne så vel som alle andre, uavhengig av kva religion ein tilhøyrer. Eg dømmer ingen basert på kva tru ein har, eller om ein ikkje trur i det heile tatt, for det er slik min muslimske religion ber meg om å vere, fortel Mahadi.
Då demonstrantane spelte nasjonalsongen var det mest sårt for dei to.
– Dette er også min nasjonalsong, eg ville aldri satt opp ei slik markering, ikkje ein gong mot dei som står her.
Dei to jentene gjekk tilfeldig forbi då dei var på veg for å grille denne varme vårdagen i mars.
– Det står enorme mengder politi rundt her, eg trudde det var noko stort som gjekk føre seg, men så er det berre ein dum appell av ei som veit ingenting om islam. Eg kjenner eg vert lei meg. Eg er imot ekstremisme uansett, ekstremisme har ingen religion, avsluttar Mahadi.
Då Framtida fortel om enkelte av reaksjonane forsikrar Gilje at dette ikkje handlar om alle muslimar.
– Det er sikkert mange fredelege muslimar, det er ikkje det det handlar om. Det er sjølve islam vi reagerer mot som er vondskapens religion, eg vil ikkje kalla det ein religion ein gong. Muslimar ynskjer å starte eit parti i Noreg og ta over makta, det er farleg. Islam er 90 prosent vald og terror og kanskje 10 prosent fred, påstår Gilje, utan å svare på kvar talet er henta frå.