– Rapparar har vorte ein ressurs i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siddis-ræppens far

Lars Tønnessen sit i kafèvindauga i Stavanger sentrum og vinkar til meir enn ein av dei forbipasserande. Under namnet Atlars er han eit kjent Stavangertryne – og stemme. Ifølgje Wikipedia er han siddis-ræppens far.

LES OGSÅ: Roppen frå Flø 

Den norskespråklege rapbølgja
Det byrja, som for dei fleste andre rapparar, på engelsk. Det var jo det han hadde høyrt.

– Etterkvart forstod eg at det neste steget var å skriva på det språket eg snakkar, forklarar Lars Tønnessen aka Atlars.

– Når ein rappar på norsk kan ikkje gøyme seg bak vanskelege ord og dårleg uttale. Å rappe på språket ein snakkar er skumlare fordi alle forstår kva du snakkar om. Ein må stå for det ein seier, i engelsk er det lettare å hoppe i klisjeane.

I 1994 kom den første utgjevinga av norsk rap ut. Det var EP-en «Autobahn til Union» frå Gatas Parlament.

Atlars var allereie i gong då den norskspråklege rapbølgja rulla over landet på byrjinga av 2000-talet. Den bestod av artistar som Pen Jakke, Gatas Parlament og Klovner i kamp. Alle desse med austlandsk klang.

Så kjem nordnorske Tungtvann, og syner at rap på dialekt går an.

Etter det har Side Brok og Lars Vaular gjort ørstadialekta og bergensk kjent for eit norsk rappublikum. Stavanger er framleis meir kjent for hardrock.

LES OGSÅ: Side Brok jubilerer 

Den kulturelle pengesekken
I 1999 var han den første som byrja å rappe på stavangersk. Først i 2012 kom debutplata «Tigerbalsam for sjelå».

– Eg har ikkje tent ei krone på å gje ut musikk, men eg har brukt mykje, fortel rapparen.

Likevel, 36-åringen har livnært seg som artist i ni år no. I fjor var han på turné i både kantiner, fengsel og industrihallar i anledning at teksta «Kaffikopp» var vald ut til å vere med i boka «Makt, offer og idioter», gjeve ut av Hele Rogaland leser. 

Han har fleire gonger turnert med Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken. I tillegg har han kurs for elevar i skriving og sjonglering. I 2011 var han heilt til Madagaskar, for å kurse elevar i tekstskriving. Han har òg vore med på skuleopplegget «Mine språk» i samarbeid med Nynorsk kultursentrum. Slike turnear, som kjem år etter år, gjev økonomisk tryggleik.

LES OGSÅ: «Dokke tru’ dokke e’ so kule, men det e’ no vi som rule!» 

Rap i klasserommet
– Eg er heldig som kan leve av dette og må somme tider klype meg i armen. Eg får betalt for å seie det du meiner og å lære andre å gjere kjekke ting.

Då han sjølv gjekk på skulen kan han ikkje hugse at det var andre folk inne i klasserommet for å lære han og klassekameratane ting. No kan han nemne ein haug med rapparar som har vore innom norske skular: Side Brok, Skranglebein, Nils m/skils, Son of light og Tonna Brix, for å nemne nokre.

– Rapparar har vorte ein ressurs i skulen, slår Atlars fast.

Og i hans timar er det ikkje rein rettskriving som gjeld. Noko av det mest givande er når han ser sjenerte elevar trø til og få meistringskjensle gjennom det å lukkast med å framføre ei tekst.

Men det har vore ein veg for rapmusikken frå gata inn til klasseromma.

– Før vart ein møtt av ein vegg av fordommar mot rap, fortel Atlars, som til dels kan skjøne det.

Han har sjølv høyrt dei valdelege tekstane og rapparar snakkar nedsetjande om damer i musikken sin. Òg nokre norske rapparar syng om sex og fyll. Dei om det, meiner siddis-ræppens far. Sin eigen rap kallar han rap med mål og meining, med eit positivt bodskap. Han løftar opp fingrane i eit peace-teikn. Slik poserer han ofte på bilete, til forveksling likt japanske turistar.

– Når musikk vert laga berre for å tene pengar, blir det sjellaus musikk. Eg skriv om det eg tenkjer på. Samfunnet vårt og måten me tenkjer på, korleis mange programmerer seg sjølv til å tenkje feil. Bodskapen me møter over alt er at du ikkje er god nok og må kjøpe meir, forklarar Atlars, som sjølv har fått førespurnadar om reklamejobbar. Dei sender han fint vidare.

Frå Bronx til Stavanger
– Veit du kva rap står for?

– Nei?

– Rythm and poetry.

Han forklarar korleis sjangeren oppstod i Bronx i New York for å få ungdom bort frå gata og kriminaliteten. Det var ei samansmelting av ulike kunstformer: break dance,  dj-ing, grafitti og rap. Rapen kom frå eit fattig amerikansk miljø, der dei største stjernene etter kvart fekk lekre bilar og damer som varemerke.

Raptilværet i Stavanger er ikkje heilt det same. Men det er godt, og Atlars fortel at han ikkje vert overraska om nokon Stavanger-rapparar slår igjennom snart. Sitt eige gjennombrot på landsbasis tykkjer han ikkje det er så farleg med.

Men nokre sigrar har gjort karrieren lettare.

– Då eg vann NM i poesislam i 2006 hadde eg noko meir å slå i bordet med.

Men den norske rapbølgja og Atlars er langt frå dei første rapparane her til lands. Atlars trekk fram «Historia om Ivar Aasen» og tek til å rappe «Lovtale over kulturen».

Aasen skreiv ei raptekst allereie i 1866, men det tok ei stund før den teksttunge musikksjangeren  fann vegen inn i klasseromma.

Faktaboks

Atlars

• Lars Tønnessen (fødd 1978)

 • Stavangerbasert rappar

• Gav ut EP’en «Udvukling te einhed» saman med Dj Veekash i 2002

• Har etter det gjeve ut ei handfull EP’ar og mixtapar før debutplata «Tigerbalsam for sjelå» (2012)