Den var ikkje så verst, hæ?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø om Sp-humor

Det er nemlig ein ting Senterpartiet har fått altfor lite tyn for. Humoren.

Og her bruker eg ordet humor i ordets vidaste forstand.

Dette gjeld forresten ikkje berre Senterpartiet. Det gjeld politikarar generelt. Det er som kjent mange grunnar til å ikkje bli politikar. Du må late som om du er opptatt av ting som ærlig talt umulig kan interessere friske folk. Du må sitte i møte heile tida. Og du må bruke kvar einaste ettermiddag i Dagsnytt Atten for å høyre på politiske kommentatorar som fortel deg kva du meiner. I tillegg til dette kjem altså humoren. Politikar-humoren.

Det er lett å sjå på ein politikar at han synest han har fått dreisen på ei kvikk formulering. Han klarer ikkje la vere å smile fornøgd etterpå. Det kan hende han prøver. Men du ser at det rykker litt i munnviken. Du ser at han har lyst til å seie: «Den var ikkje så verst, hæ?»

Alle vi som skriv i avisa og snakkar i radio og tv om politikk, synest naturligvis at politikk er ganske kjedelig. Vi synest det er mykje artigare med folk som ikkje liker kvarandre. Derfor har du nok utvilsamt fått med deg at dei kranglar i Senterpartiet.

Og det var i denne krangelen at det dessverre dukka opp ein vits denne veka.

Og her bruker eg ordet vits i ordets vidaste forstand.

Det var ein av Ola Borten Moes støttespelarar som blei intervjua. Ein trønder, naturligvis. Eg skal ikkje nemne namn, av omsyn til dei nærmaste. Og fordi eg ikkje hugsar kva han heiter. I alle fall: Denne mannen blei intervjua, og skulle forklare kvifor det var feil med ei partileiing utan Ola Borten Moe, og ikkje minst: Kvifor det var eit problem med ei Senterparti-leiing utan ein einaste trønder. Han sa: «Det er som å reise til OL utan ein trønder på laget». Og så klarte han naturligvis ikkje la vere å smile. Du såg at han var godt fornøgd med dette poenget. Du såg at han hadde lyst til å seie: «Den var ikkje så verst, hæ?»

Men jo, den var så verst.

La oss prøve å forstå mannen velvillig, og gå utfrå at han meinte vinter-OL, sidan trønderar i svært liten grad har dominert sommar-OL i det siste. Då har han forsåvidt eit poeng, sidan både Senterparti-folk og vinteridrettsutøvarar har det felles at dei begge driv med noko som ærlig talt er for spesielt interesserte. Dei driv begge med pussige nordeuropeiske greier for folk som liker seg best i skogen.

Men der stoppar altså likheitene.

Ein OL-tropp og leiinga i Senterpartiet har verkelig ikkje mykje felles. Ein OL-tropp er topptrente folk som skal konkurrere med andre topptrente og kanskje dopa folk om å gå fort, skyte godt og hoppe langt. Leiinga i Senterpartiet skal drikke kaffi og vere ueinig i landsbrukspolitikken til Frp. Norske OL-utøvarar er dessutan ofte ganske gode.

For all del: Dei må gjerne krangle. Så slepp vi å skrive om politikk. Men ver så snill: Pass på humoren. Pass på dei kvikke samanlikningane. Her er nokre samanlikningar som er meir treffande enn OL-samanlikninga (og ta no for all del ikkje dette som ei oppfordring):

Ei Senterparti-leiing utan Ola Borten Moe er som ei ny Nesbø-bok utan kriminalitet.

Norsk politikk utan Senterpartiet er som ein pakke Fjordland som er litt vanskelig å opne.

Norsk politikk utan Senterpartiet er som norsk politikk.

Senterpartiet utan Ola Borten Moe er som eit norsk fotball-landslag utan Hallvard Thoresen.


Først publisert i Aftenposten 22. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!