Klart for fleire mobbeombod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein viktig delsiger i kampen mot mobbing i skulen, seier Anders Tyvand, skulepolitisk talsmann i KrF. Han påpeiker at dette var eit krav frå KrF i budsjettforhandlingane med regjeringspartia og Venstre.

Fylkeskommunane kan no søkje Utdanningsdirektoratet om pengar til prøveprosjekt med mobbeombod. Fylkeskommunane må dekke halvparten av utgiftene sjølv.

Tanken er at mobbeomboda kan hjelpe til i førebyggjande arbeid på skulane. Dei kan også rettleie skular, foreldre og elevar når elevar opplever at dei ikkje har eit godt psykososialt miljø.

Anders Tyvand påpeiker at fylkestinget i Buskerud allereie har tilsett eit mobbeombod for eiga rekning, og erfaringane har så langt vore positive.

– Mobbeombodet vert nytta som rettleiar og ressursperson, og gjer lærarar og skuleleiarar i stand til å handtere mobbeproblematikken på ein betre måte. No får vi moglegheita til å prøve ut ordninga i fleire fylke, og eg har tru på at resultata vil bli positive, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Her er landets første mobbeombod