Ordførar vil ha Tajik som ny Ap-leiar
Dersom Jens Stoltenberg får toppjobb i utlandet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Føreslått som ny Ap-leiar
Bykle-ordførar Jon Rolf Næss (Ap) meiner at Hadia Tajik bør bli ny leiar i Arbeidarpartiet dersom Jens Stoltenberg får jobben som toppsjef i Nato.
Allereie dagen etter at det vart kjent at Stoltenberg er kandidat til å bli ny generalsekretær i Nato, er spekulasjonane i gang om kven som blir etterfølgjaren hans som Ap-leiar.
Dei fleste peiker på Jonas Gahr Støre som den einaste aktuelle kandidaten, men Bykle-ordføraren ser annleis på det, melder NRK.
– Ho er ung, driftig og har vist seg svært dyktig. Eg trur vi treng ei vitalisering, og med ein så lovande kandidat er det berre å køyre på, seier han. (©NPK)