Vil ha norske jordbær 17. mai

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske jordbær til 17.mai

Det kan gi norskproduserte jordbær både til nasjonaldagen og til valdagen. Jordbærbønder jublar og vil utvide sesongen til to avlingar årleg.

– Vi kan ikkje vere det einaste landet i Europa som berre skal produsere plantar som vert hausta etter tolv månader, seier jordbærprodusent Geir Joa på Sola til NRK.

Jordbærprodusentane i landet er langt unna å klare å mette den norske marknaden i sommarmånadene, og kvart år dukkar belgiske og nederlandske jordbær opp i butikkane i starten og slutten av sesongen. Men no kan det bli slutt på det.

Mattilsynet har nemleg komme med ei tilråding til Landbruksdepartementet om at jordbærdyrkarar skal få lov å importere jordbærplantar frå utlandet. Det betyr at jordbærprodusentane kan utvide sesongen til to avlingar i året.

– Dette blir eit stort løft for heile næringa. For alle som vil tilby norske, gode jordbær over ein lengre tidsperiode er dette ei strålande nyheit, seier Joa.

Det er import av jordbærplantar frå Nederland, Belgia og Sør-Tyskland som står øvst på ønskjelista til Joa. Desse plantesortane kan plukkast etter berre 60 dagar. Sjølve bæra veks altså i Noreg, og skal smake like godt som dei frå plantar som har blitt produserte her i landet.

– Dei skal ikkje produsere plantane som det vert importert jordbær av i dag, men vi ønskjer at dei skal lage plantar av Korona som kan haustast etter 60 dagar. Det betyr at vi byrjar i midten av mai og haustar jamt og trutt. Når Korona-sesongen er slutt den 25. juli så overtar den neste avlinga og då har vi jordbær med ein fortreffeleg smak i 3,5 månader, seier Joa. (©NPK)