Borten Moe må kjempa om nestleiarvervet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar om nestleiarvervet

Det var Nationen som tysdag ettermiddag først erfarte at Tvinnereim har støtte frå fleirtalet i Sps valkomité, og at mindretalet i komiteen støttar attval for noverande første nestleiar Ola Borten Moe. Kort tid etter erfarte Adresseavisen det same. Borten Moe seier at han no er klar til å ta opp kampen for å halde på posisjonen i partiet.

– Eg stiller som første nestleiar, opplyser Borten Moe til Adresseavisen.

Han avviser dermed at han utan vidare kan flyttast ned til vervet som Sps andre nestleiar, og får støtte frå ei kjelde i partiet som meiner innstillinga var venta, teke i betraktning korleis valkomiteen er sett saman.

– Landsmøtet har ei heilt anna og breiare samansetjing, og der er det ganske sikkert fleirtal for Ola, seier kjelda.

Tvinnereim favoritt
Tvinnereim har i mange år vore ein av dei nærmaste medarbeidarane til avtroppande partileiar Liv Signe Navarsete og har blitt sett på som favoritt til nestleiarposten. Tvinnereim har tidlegare sagt at ho stiller seg til disposisjon i eit nytt sentralstyre, men har ikkje ønskt å kommentere kva for ei rolle ho ønskjer seg.

– For å kunne svare på noko meir må eg eventuelt få eit konkret spørsmål frå valkomiteen, sa ho til Dagsavisen tysdag.

Det har ifølgje avisa blitt sett på som umogleg for valkomiteen å klare å leggje fram ei samrøystes innstilling torsdag denne veka, noko som gjer at det ligg an til ei delt innstilling.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

Splitting
Til leiarvervet skal Trygve Slagsvold Vedum vere den einaste aktuelle kandidaten, men uvissa har stått rundt dei to nestleiarpostane.

I tillegg til noverande nestleiar Ola Borten Moe har fire andre kandidatar blitt vurderte, ifølgje Dagsavisen: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe, tidlegare politisk rådgivar Sigrid Brattabø Handegard og stortingsrepresentant Janne Skjelmoe Nordås, i tillegg til Tvinnereim.

Nationen erfarer at Toppe har gitt beskjed om at ho ikkje ønskjer å sitje i ei partileiing saman med Borten Moe. (©NPK)

Les siste om politikk her!