– Å fortelje barn at dei får makk i magen av å ete snø er vel like sant som å seie at julenissen finst.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det seier professor i medisinsk biologi Ørjan Olsvik ved Universitetet i Tromsø.

Olsvik har teke snøprøver og analysert blyinnhaldet i snø utanfor fleire barnehagar i Oslo, og teke prøver av barna i barnehagen, skriv Forskning.no.

– Dette var barnehagar i tette bystrøk, men vi fann ikkje ekstra høgt blyinnhald i barna, som heilt sikkert åt snø. Frå gammalt av skremte ein nok barna frå å ete snø for å forhindre at dei fekk i seg urin og avføring frå dyr, seier Olsvik.

Så lenge ein ser at snøen verken er gul eller skiten – kan han etast, ifølgje professoren. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE