Men kunnskapsministeren tilbakeviser at dette betyr at lærarane skal få karakterar av elevane.

mm

Regjeringa vil sikra alle elevar i vidaregåande skule rett til å evaluera undervisinga. Kunnskapsministeren har sett i gang arbeidet med forskriftsfesta ein slik rett. Endringa skal tre i kraft allereie frå neste år.

– Elevvurdering er eit viktig verktøy for skulane når dei skal gjere undervisinga i den vidaregåande skulen endå betre, siar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kunnskapsministeren lanserte nyhendet om elevvurdering då han helste Elevtinget 2014.

Røe Isaksen understreka at både elevane og lærarane må bidra for at me skal lukkast med å gjera skulen best mogleg. Han minte òg dei 600 elevane om at det følgjer eit stort ansvar med ei slik ordning. For at ordninga skal vera god må elevane gi konstruktive tilbakemeldingar om korleis undervisinga kan bli betre.

LES OGSÅ: – Gå til rektor med håplause lærarar

– Elevane skal få gje tilbakemelding om undervisinga. Dette skal ikkje vera ei ordning der lærarane får karakterar eller personlege tilbakemeldingar. Målet er å få til ordningar som er gode for både elevar og lærarar, seier Røe Isaksen.

Evalueringa av undervisinga kan til dømes handla om bruk av leksar, vurderingspraksis eller metodeval i undervisinga.

Korleis systemet for tilbakemelding skal utformast skal vera opp til skulane. Det er opp til skuleeigarane, i samråd med elevane, å finna gode løysingar lokalt.

LES OGSÅ: Vil sile ut dårlege lærarar

Kva synest du om forslaget om at elevane skal få evaluera undervisinga?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE