– Trygdebruk smittar frå foreldre til barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Smittar frå foreldre til barn

Forskarar har forsøkt å finne ut i kva grad dette kjem av arvelege helseproblem, sosiale forskjellar som vert reprodusert, eller om det vert utvikla ein kultur for uføretrygd der barna for eksempel lærer av foreldra.

I ein fersk forskingsartikkel er konklusjonen klar: Det at norske foreldre går på uføretrygd, er i seg sjølv ei viktig årsak til at også barna endar på uføretrygd, skriv Aftenposten.

– Dette kan vere med på å forklare ein stor del av den kraftige veksten i uføretrygda i Noreg. Det er vanskeleg å studere effekten av trygda isolert frå andre samanfallande faktorar slik som helse, men vi har funne ein måte å gjere dette på. Resultata viser at trygd går i arv, og at uføretrygda til foreldra kan forklare ein stor del av trygdebruken til etterkommarane, seier Magne Mogstad, forskar ved University of Chicago og Statistisk sentralbyrå (SSB) til Aftenposten.

LES OGSÅ: – NAV-brukarar nakne i møte med staten

Effekten er særleg sterk blant barn som er minst 18 år når foreldra får uføretrygd. Her vert sjansen for å hamne på uføretrygd seksdobla.

Sidan 1960-talet har delen nordmenn i arbeidsfør alder på uføretrygd auka frå rundt 2 prosent til nesten 10 prosent.

Ved utgangen av 2013 var 305.886 nordmenn på uføretrygd, og i år vil staten bruke om lag 64 milliardar kroner på uførepensjonar – rundt 6 prosent av statsbudsjettet. (©NPK)

LES OGSÅ: – Barnehagen kan avsløra komande NAV-klientar