– Som klesskåpet i Narnia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som kles- skåpet i Narnia

I år har Borealis-festivalen tiårsjubileum. Det er òg Alwynne Pritchard, kunstnarisk leiar, sin siste festival. Etter fjorårets mørke tema «The End», ville ho ha noko magisk og det blei alkymi.

– Eg ville ha ei magisk avslutning. Alkymi er ikkje berre magi, det er ein tidleg vitskap å undersøkje myter. For å utvide temaet har vi undertekstane ritual, magi og det overnaturlege, fortel Pritchard.

– Ei dør til ei anna verd
Borealis-festivalen er kvart år i mars, og kan by på konsertar med blant anna samtidsmusikk, lydkunst, performancer og korps. I tillegg har dei utstillingar, litteratur- og filmprogram på plakaten.

– Verda me lever i er materialistisk og kapitalistisk. Festivalen er ei dør til ei anna verd. Som klesskåpet i Narnia-bøkene, kan ein gjennom festivalen reise til ei ny verd, seier Pritchard.

Reint praktisk, fortel Pritchard, skal festivalen vere eit forum for musikk som er intellektuelt interessant, eventyrlysten og har store kjensler.

– Me ynskjer å lage ein plass der folk kan utveksle idear som kjem frå lyd. Festivalen handlar like mykje om idear som det handlar om lyd.

Festivalen har i sine ti leveår vakse, og ifylgje Pritchard merkar dei no at bergensarane kjenner meir eigarskap til festivalen. Noko ho gler seg over.

– Fleire folk er klar over at festivalen finnast, og me ser det har blitt meir variasjon i publikum. Festivalen er for alle som har ein rik fantasi, seier Pritchard.

– Papirinstrument
Med eit variert program som går over ei veke med i tillegg til ei oppvarmingsveke fyrst, er det mykje å få med seg. Laurdag 22. mars er det blant anna «An index of Metals» framført av ensemblet BIT20, og kunstnaren Francois Sarhan sitt prosjekt «The Last Lighthouse», der dei som ynskjer får gratis barnevakt.

– Det er ei førestilling der publikum sit i midten og vi bevegar oss rundt, med papirinstrument som heng rundt. Den består av tre delar som er basert på dei tre delane av alkymi: spyrjing, ritual og øydelegging, seier Sarhan.

Pritchard seier at for ho er det ikkje noko høgdepunkt under festivalen, men at ho gler seg veldig til dei to arrangementa på laurdagen.

– Ein festival treng både dei store og dei små arrangementa. Det er heilheita og dynamikken som er viktig. Målet er at det skal vere eit eventyr, menneske som ler saman, seier Pritchard.

Syngande arkitektar og sopp
Marina Rosenfeld, artist og komponist basert i New York, har hatt eit samarbeid med Bergen Arktitekthøgskole (BAS) i samband med sitt prosjekt «Free Exercise». Håvard Austevoll, assistentlærar på BAS, fortel at det var Borealisfestivalen som tok kontakt med rektor på skulen.

– Andreårsstudentane hadde ein workshop med Rosenfeld, der temaet var akustikk. Fyrst hadde dei ei førelesing om akustiske rom. Etterpå gjekk studentane saman med Rosenfeld rundt på skulen medan dei hadde diverse songøvingar. Dette for å teste akustikken, seier Austevoll.

I tillegg skal treveggar med sopp på inkorporerast i prosjektet til Rosenfeld.

– Dei skal fungere som eit akustisk materiale, der soppen og treet vil virke lyddempande, fortel Austevoll.

Øyvind Tveit, fjerdeårsstudent på BAS, var med på å lage soppen som skal brukast. Han seier det var veldig kjekt og lærerikt å vere med på.

– Me hadde få retningslinjer, og måtte eksperimentere oss fram til den rette soppen. Me prøvde oss fram med ulike typar materiale, i tillegg til fukt og temperatur, seier Tveit.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Borealisfestivalen
Borealis er ein festival for samtidsmusikk, støy og lydkunst som finn stad kvart år i Bergen.
Borealis fyller ti år i 2014 og er ei samanslåong av to festivalar, Autunalle og Music Factory.
Er fra 19. mars til 23. mars, med ei oppvarmingsveke fyrst, frå 11. mars til 18. mars. 
Årets tema er «Alkymi».