Hybellivet gjer ungdommar tjukke
Ungdommar som bur på hybel slit meir med vekta enn dei som bur heime hjå foreldra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tjukkare av hybellivet
Det viser ei ny undersøking gjort blant elevar i 2. klasse på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, skriv NRK. Om lag 35 prosent av dei som bur på hybel i fylket er overvektige eller har ein BMI over 25 og oppover.
– Vi ser det er store skilnader i fylket, både geografisk og mellom dei som bur på hybel og dei som bur heime. Kosthaldet og vekta er meir uheldig hjå dei som bur på hybel, seier forskar John Roger Andersen i Helse Førde til NRK.
LES OGSÅ: Ti råd til deg som bur på hybel
Men det er ikkje berre hybelbuarane som slit med vekta. Rapporten viser at stadig fleire ungdommar i fylket er overvektige.
– Blir det ikkje gjort noko med dette, er det negativt i forhold til dei positive trendane vi ser med mindre røyking og rus. Helsegevinsten samla sett blir mindre enn vi kunne ønske oss, seier Andersen til NRK. (©NPK)
LES OGSÅ: Hybelbuarane byter ut ferdigpizzaen