Eline Lund Fjæren vart onsdag tildelt Norlis debutantpris 2013 for romanen «Ung jente, voksen mann».

NPK-NTB
NPK-NTB

Det er tilsette i bokhandlarkjeda Norli som stemmer fram ein vinnar frå eit utval gjort av ein jury, oppnemnt av Norsk kritikerlag.

«Ung jente, voksen mann» kom hausten 2013 og fekk god omtale av kritikarane. Blant anna meinte bokmeldaren i Morgenbladet at dette var ein vellykka debutroman, medan Dagsavisen konkluderte med at dette er eit forbløffande verk av- og om ei ung kvinne. Frå Vårt Land heitte det blant anna at «Denne debutanten kan verkeleg skrive».

Eline Lund Fjæren er fødd i 1994. Ho er frå Aurskog-Høland og «Ung jente, voksen mann» er den første boka hennar.

Norli debutantpris er oppretta som eit ledd i å gjere norske debutantar meir synlege i bokhandelen.

Prisen er på 25.000 kroner og Lund Fjæren vann over kandidatar som Hilde Østby («Leksikon om lengsel») og Ingrid Melfald Hafredal («Omveier») – som vart mykje omtalt i fjor då dei debuterte litterært. (©NPK)

Les siste boknytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE