Musikkundervisning gjev flinkare elevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikk gjev flinkare elevar

– Denne forskinga viser at elevar på ungdomsskulen og vidaregåande som deltok i praktisk musikkundervisning, gjorde det klart betre enn dei elevane som ikkje fekk vera med å spela på skulen, seier konsertsjef Scott Rogers i Rikskonsertane til Bergens Tidende.

Han er sjølv frå USA og har bakgrunn som musikklærar.

Den amerikanske undersøkinga han viser til syner at det er ein klar samanheng mellom kor lenge elevane hadde fått musikkundervisning på skulen og kor bra dei gjorde det i matematikk, naturfag og språk.

Direktør for Rikskonsertane, Turid Birkeland, etterlyser meir engasjerte musikklærarar i norske skular.

– Vi saknar musikklæraren kvar dag. Ein engasjert lærar er utruleg viktig. Musikarane våre seier dei kan merka det med ein gong dei går inn i salen om elevane har ein lærar som har sett dei inn i kva dei skal oppleva, seier Birkeland.

Ho meiner norsk skule brukar Rikskonsertane som ei sovepute i staden for ein ressurs, og oppmodar kunnskapsministeren til å nytta skulekonsertordninga på ein betre måte og satsa meir på musikk som fag. (©NPK)