Har gitt ut eigen EP

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny hardrock frå vest

Nyleg gav dei ut ein rykande fersk EP med same namn og fem låtar som ligg på Spotify, iTunes, Wimp, P3 Urørt og Youtube for å nemna noko. Denne unge trioen meiner alvor.

LES OGSÅ: P3 speler meir norsk musikk

Tilfeldig namn
Bandet har eksistert sidan oktober 2012. Først som ein trio, før Lars kom inn som rytmegitarist. Men i fjor sommar blei det klart at bassisten i bandet skulle flytta vekk på skule, og Lars måtte ta over bassen. Bandet var dermed ein trio igjen.
– Men vi er på jakt etter ny bassist, så om nokon har lyst må dei berre kontakta oss, seier Kjartan.

Bandnamnet Löffelmannschaft høyrest tøft ut, men var ikkje så veldig nøye gjennomtenkt, fortel dei tre:
– Eigentleg betyr det jo «Skeimannskap». Vi syntest det høyrtest aggressivt ut på tysk, men eigentleg er det jo berre litt morsomt og tilfeldig at det blei akkurat det namnet, fortel Lars.

LES OGSÅ: Ikkje berre Frk. Fryd

Fleire spelejobbar
Den første spelejobben deira var i båthuset på Sunde gjennom Rockeklubb Husnes. Seinare har dei spelt tre gonger på uteplassen 5460 på Husnes, og varma opp for Tiebreaker, Susperia og Hogheads. I sommar spelte dei i Estland med vennebandet Voice of Voices. Fredrik er nemleg halvt estisk, og har fleire kontaktar i musikkmiljlet der. I vinterferien skal han tilbake for å spela trommer med det estiske bandet. Löffelmannschaft har elles spelt på Garage i bergen, og for nokre helger sidan spelte dei på Ungdomens kulturmønstring på Stord.
– Einaste grunnen til at vi fekk lov var fordi eg går på musikklinja der. Det var veldig synd at UKM blei avlyst i Kvinnherad, mange lokale talent mista då sjansen til å få vist seg fram, seier Kjartan.

Dei tre kameratane øver saman minst ein gong i veka, og meir før ein konsert. Dei møtest anten heime hos Fredrik eller på ungdomssenteret på Husnes, men sistnemnte øvingslokale vil forsvinna på sikt.
– I tillegg er det ikkje alle tidspunkt vi kan vera der, fordi spelinga forstyrrar dei som er i det nye Kulturskulesenteret. Vi kunne tenkt oss fleir øvingslokale for ungdommar her i kommunen, om ein er med i kulturskulen eller ikkje, og som er gratis å bruka, fortel Kjartan.

Sjølvprodusert
Låtmaterialet til bandet består av dei fem som er på EP-en pluss nokre til. Éin ny låt er nesten ferdig, og manglar berre tekst. Löffelmannschaft syng mest på engelsk, men har også norske låtar. All musikk blir skrive og produsert sjølv.

– Vi hentar inspirasjon til låtar frå alle moglege stader, alt frå komponistar som Grieg og Bartók, film og natur til store rockeband. Eg likar godt Kvelertak. Sjangeren vår er i hovudsak hardrock, men med innslag frå ulike andre undersjangrar, forklarar Kjartan.

Han har eige musikkstudio heime, og derfor har bandet kunna sleppa EP-en så og seia gratis. Dei har miksa og «mastra» alt sjølv, og har gitt på eigen «label» (plateselskap) – Loffel Records.

Speleglede
– Kva mål har de med bandet?
– Å nå så langt som mogleg! Vi tek ting som dei kjem, men det hadde vore kjekt å kunna leva av musikken, seier Fredrik.
– Vi lagar musikken mest for vår eigen del. Eg trur den hadde blitt dårleg viss vi hadde gjort det for nokon andre enn oss sjølve, seier Lars.
– Samtidig er jo drivkrafta vår at vi er glade i å spela. Det er kjekt å stå på ei scene og laga show og få respons frå publikum. Ingen bryr seg om du speler 100 prosent feilfritt, det viktigaste er publikumskontakt og å laga god stemning, legg Kjartan til.

Bandet seier dei er opne for oppdrag framover, så om nokon har ein spelejobb er det berre å ta kontakt.
– Ja, vi vil berre spela mest mogleg!

Til neste konsert er klar kan du jo høyra på EP-en til Löffelmannschaft i mellomtida, eller sjå den heimesnikra musikkvideoen tillåten Gjenskaping her:

Saka var først publisert i Kvinnheringen.