Læraryrket har blitt meir populært
Heile éin av fire unge seier no at dei kan tenkja seg å bli lærar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Éin av fire vil bli lærar
Læraryrket har auka påviseleg i attraktivitet blant søkarane til høgare utdanning dei siste fem åra.
Det er berre juridiske fag som har hatt sterkare søknadsvekst enn lærarutdanningane dei siste åra. Likevel blir studieplassar ståande tomme. Særleg grunnskolelærarutdanninga for 1.-7. trinn (GLU 1-7) strevar med å fylla alle plassane.
Kunnskapsdepartementet lanserer denne veka årets kampanje for å rekruttera fleire søkarar til lærarutdanningane og heva statusen til lærarane.
– Lærarjobben på barnetrinnet er utruleg viktig. Det er i desse årane elevane skal knekka kodene og leggja grunnlaget for all vidare læring, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar innan 2030
Statistisk sentralbyrå reknar med at det vil mangla over 9000 faglærte lærarar i grunnskulen i 2020. Grunnskolelærarutdanninga for 1.-7. trinn er den einaste utdanninga som kvalifiserer til fast stilling på dei lågaste trinna i skulen.
Statusundersøkinga, som NORSTAT har utført for departementet, viser blant anna at auken i attraktiviteten til læraryrket sidan 2009 har vore størst blant mannlege utdanningssøkarar. Tala tyder òg på at fleire menn kan tenkja seg jobb i barneskulen.
– Dette er lovande. Me treng fleire menn i skulen som kan bidra til den viktige begynnaropplæringa for dei yngste elevane, seier kunnskapsministeren i ei pressemeldring.
Partane i sektoren bidreg til kampanjen både nasjonalt og regionalt, gjennom samarbeidet i GNIST.