– Gi oss ei grøn krisepakke, Erna

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa må levera ein grøn krisepakke med friske klimatiltak, krev leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

LES SAKA: – Noreg må ta tøffe klimagrep

I 2009 leverte regjeringa ein krisepakke når det gjekk dårleg i økonomien. No går det dårleg i klimapolitikken, viser ein ny rapport frå Miljødirektoratet. Han krev nye tiltak som kuttar utslepp tilsvarande 3,1 millionar bilar dei neste seks åra dersom utsleppa skal gå ned.

– Det er på høg tid at Erna Solberg gjev oss den gjennomføringsevna ho har varsla sidan før valet i fjor, òg i klimapolitikken. Det er dei neste seks åra det gjeld, då må regjeringa må starta i dag, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

– Neste veke opnar Erna Solberg sin første statsbudsjettkonferanse. Der blir rammene sett for arbeidet til regjeringa i 2015. Første saka på agendaen må vera å gi oss ei grøn krisepakke med nye friske tiltak for å få ned norske klimagassutslepp, seier Vestre.

Ein grøn krisepakke
Rapporten viser at for å nå måla er det trong for storstilt elektrifisering av sokkelen, fangst og lagring av CO2 frå industrien og tiltak for reduserte utslepp frå vegane. Natur og Ungdom meiner tiltaka alt ligg på bordet.

– Klimamåla er sett for at me skal nå dei, og det er eit ansvar heile regjeringa har. Tiltaka er der, det er berre å setja i gang med å gjennomføra dei. Då må ein òg ta tak i storforureinarane i oljeindustrien, seier Vestre.