Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vart sjuk – skreiv vinnarboka

Då ho fekk kreftdiagnosen for tre år sidan, var det første Gyrid Axe Øvsteng gjorde å gå på biblioteket for å finne ei bok ho kunne lese for sonen, som då var seks år. Det fann ho ikkje.  

Slik kom ideen til boka «Førstemamma på Mars», som i dag mottok Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok.

Berre nokre timar seinare fekk ho òg Kulturdepartementet sin pris for beste biletbok.

Det er gode tider for nynorske biletbøker om dagen. Til sistnemnde pris er to av dei tre nominerte nynorske.

LES OGSÅ: «The Fox» blir barnebok

Er mamma på Mars?
– Boka er ikkje pedagogisk i det heile teke, ho forklarar ingenting om sjukdom eller korleis det er å ha ei sjuk mor, fortel Axe Øvsteng.

For ho ville ikkje skrive ei bok som forklarar sjukdom, men ei bok som handlar om born sine reaksjonar.

Dottera i boka nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange moglege versjonar av kvar mamma har tatt vegen. Kanskje er ho ute og handlar klede? Kanskje er ho på Mars?

Illustrasjonane er skapt av Per Ragnar Møkleby, som òg har gjeve visuelt liv til hennar tidlegare biletbøker.

LES OGSÅ: Meir for dei minste frå Odd Nordstoga

Ikkje ei bruksbok
Forfattaren måtte trø varsamt, sidan utgangspunktet for historia var så nært. Ho valde å ikkje definere sjukdommen og styrte bevisst vekk frå sin eigen familie.

– Eg ynskte at det skulle bli ei bok for alle lesarar, ikkje berre dei som er i ein slik situasjon. Eg ville ikkje at det skulle vere ei bruksbok, men ei litterær oppleving for alle, forklarar forfattaren frå Vågå.

Ideen var å skildre korleis sjukdom hjå mor opplevast ut frå eit barns perspektiv.

– Det er ei anerkjenning av at borns måte å reagere på er annleis enn hjå vaksne. Reaksjonane kan somme tider verke litt utidige for vaksne, men eg vil fortelje at det ikkje er noko som er rett og gale i ein slik situasjon, forklarar forfattaren.

Som sjuk forelder må ein kanskje takle at borna vert sinte fordi ein ikkje er der, sjølv om det kan kjennest litt urettvist.

LES OGSÅ: Ein hyllest til kvinnelege animatørar

Saka fortset under biletet. 


Mamma, illustrert av Per Ragnar Møkleby. 

– Kan skremme livskiten ut av born
Telemarksforfattaren skreiv boka parallelt med at ho fekk cellegiftbehandling.

Heller ikkje informasjonen frå helsevesenet mynta på barn var til noko nytte i familien til Axe Øvsteng.

– Eg fekk cellegiftboka, ei bok som skal forklare born kva som skjer i kroppen når ein går på cellegift. Den kasta eg direkte. Teikningane av slemme celler ­– og tanken på at desse driv rundt i mammas kropp – kan skremme livskiten ut av born, meiner forfattaren, som kom fram til at det der kunne ho forklare betre og mindre visuelt sjølv.    

Kanskje kan mødrer eller fedrar som hamnar i same situasjon som ho, finne «Førstemamma på Mars» på biblioteket. Men som sagt, boka er ikkje berre for familiar som opplever sjukdom, sjølv om ho har høyrt fleire som vil gje boka til nokon i ein liknande situasjon.

– Eg vonar boka kan vere til glede og nytte, for folk sluttar diverre ikkje å bli sjuke.

LES OGSÅ: McNynorsk på menyen

Å bli kreft
For Gyrid var det god hjelp i å kunne arbeide og skape noko sjølv om behandlinga braut ho ned.

– Når ein får kreft vert det på ein måte ein definisjon: Ein blir litt kreft, seier forfattaren, som trur og håpar at det ikkje er tema som har gjort at boka vart nominert til prisane.

For ho har opplevd sjølv at boka har fungert på dei tøffaste kritikarane, nemleg borna.

Ho har lese for skuleklassar, som ikkje bryr seg med å vere høflege dersom dei ikkje likar det dei høyrer.

– Men ho funka, og det er vidunderleg!

Ærlege med borna
Og to prisutdelingar på same dag er i overkant overveldande.

– Eg vart utruleg happy for nominasjonane. Eg vart så yr av den første, at det var nesten for mykje av det gode med den andre, seier forfattaren, som føler ho allereie har vunne.

Forfattaren er ikkje friskmeldt heilt enda, men det ser lovande ut.

– Triste ting er uansett vanskeleg å forholda seg til. Me prøvde å vere så opne og ærlege med borna som mogleg, fortel mora.

Faktaboks

Gyrid Axe Øvsteng (fødd 1974)

• Forfattar og dramatikar frå Vågå, busett i Skien

• Utdanna i teatervitskap og litteraturvitskap

• Debuterte skjønnlitterært med biletboka «Finn!»(2009)

• Debuterte som dramatikar med «Køyr» på Norsk Dramatikkfestival (2000)

• Aktuell med to nominasjonar for biletboka «Førstemamma på Mars»

Per Ragnar Møkleby (fødd 1974)

• Illustratør, teiknar og grafisk designar frå Lørenskog, busett i Skien

• Bachelor i illustrasjon frå Kingston University i London

• Har illustrert bøkene «Finn!», «Draumar» og «Førstemamma på Mars» av Gyrid Axe Øvsteng

Kjelde: Samlaget