Er du det neste stripetalentet?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten har gått saman om å arrangere ein teikneseriekonkurranse for ungdom i samband med Dei nynorske festspela 2014.

Temaet for konkurransen er henta frå ordtaket «Det vert ingen siger utan strid» etter Ivar Aasen og oppgåva er å lage ei teikneseriestripe på nynorsk.

I juryen for konkurransen sit Anders Aanes frå Ivar Aasen-tunet, Bjørn Vatne frå Sunnmørsposten og Juryformann Egil Olsen. Olsen er den allsidige ørstingen som først og fremst er kjend som musikar. Han har også ein karismatisk strek, og har no fått si eiga teikneseriestripe i Dagbladet, på nynorsk, om seg sjølv.

– Det er lang tradisjon for teikneseriar på nynorsk og Egil Olsen har vist at nynorske teikneseriar er like aktuelle i dag som då Smørbukk såg dagens lys i 1938, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. Ho håpar at konkurransen kan vere med å inspirere morgondagens teiknarar.

Dei fem beste teikneseriestripene kjem på trykk i Sunnmørsposten og vinnaren av skrivekonkurransen får i tillegg 5000 kroner.

Ungdom frå 16 til 20 år kan delta i konkurransen og innleveringsfristen er 19. mai.

Vinnaren blir kåra på eit eige ungdomsarrangement under Dei nynorske festspela i juni.