Kvinner arbeider ikkje meir etter barnehageforma

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner arbeider ikkje meir

I 2000 flytte underskrivne til Ålesund og byrja som lektor. Vi budde i eit billeg sjukehushusvære og hadde då eitt barn, ein gut på eitt år. Han var den største einskildutgifta på budsjettet. Eg fekk utbetalt 17.000 kroner i månaden, og barnehageplassen kosta 4400 i månaden. Slik var det før og ikkje no. Er det ei gruppe i Noreg som verkeleg har fått auka levestandarden i denne forbruksfesten Noreg har vore gjennom dei seinaste femten åra, så er det barnefamiliane.

I dag må ein faktisk ha tre born i barnehagealder skal ein i faste prisar koma opp på det nivået som eitt barn i privat barnehage kosta i år 2000. Storsamfunnet har overført enormt med pengar og ressursar til norske barnefamiliar. I 2000 nytta staten og kommunane 10 milliardar kroner på å subsidiera barnehagar, i 2012 var den same subsidien på nær 37 milliardar. Berre under dei raudgrøne auka kostnadene i faste prisar med 17 milliardar kroner.

Svaret på kvifor vi har fått den satsinga, er den såkalla barnehagereforma frå 2002, som skulle koma til å kosta 20 milliardar kroner i driftsutgifter i året og svært mange milliardar til i investeringskostnader. Det var SV som tok initiativ til reforma, så kom Frp etter og så Ap og Sp. Ei motviljug borgarleg regjering måtte våren 2003 leggja fram stortingsmeldinga «Barnehagetilbud til alle». Der vart det slege fast at alle familiar som ynskte det, skulle få barnehageplass frå 2005, og at ingen skulle måtta betala meir enn 1750 2005-kroner per månad. Ein pris som før berre hadde vore for åleine-mødrer og låginntektsfamiliar, vart no norma for alle.

40.000 årsverk

20 milliardar er elles ein del peng-ar. Om vi set desse peng-ane om til årsverk og seier at kvart årsverk representerer ein kostnad og verdi på 500.000 kroner, har barnehagane og barnefamiliar fått 40.000 årsverk til disposisjon. Foreldra har kunna taka ut dette gjennom kjøp av fleire varer og tenester, barnehagane i form av fleire tilsette. I 1999 var det 53.000 tilsette i norsk barnehagar; no er det 92.000, i reine årsverk er talet vel 72.000.

Om vi les avisinnlegg frå den tida då reforma vart lansert, finn vi fire hovudargument for reforma: 1) at det var urettvist at nokre fekk barnehageplass og andre ikkje; 2) at barnehagar var for dyrt, og at barnefamiliar burde få betre økonomi; 3) at det ville gje fleire kvinner i arbeidslivet; og 4) det var bra for born å gå i barnehage, det ville betra skuleresultata.

Så korleis har det gått? Har måla vorte nådde? På punkt 1 og 2 er svaret eit klårt ja. Det er i all hovudsak slutt på at nokre får og andre ikkje. Det året vi fekk kontantstøtta, 1999, gjekk 190.000 born i barnehage, i 2012 var det same talet 286.000. Før barnehage-reforma i 2001 gjekk 63 prosent av alle norske born mellom eitt og fem år i barnehage, i 2012 var dekningsgraden 90 prosent. Og barnefamiliar har fått ein dramatisk auka levestandard sidan reforma vart innførd.

Men at barnefamiliar får barnehageplass eller betra økonomi, tyder ikkje automatisk at Noreg vert eit betre og meir berekraftig samfunn. Vi kunne ha nytta dei 20 milliardane ein annan stad, til forsking eller vegar eller kva det skulle vera, og auken i personale på 40.000 kunne ha gjeve oss fleire tilsette i skulen eller ei betra eldreomsorg. For som vi veit: Politikk er å fordela og å auka knappe ressursar. Og då er vi over på punkt 3 og 4. Og her er resultata ikkje så gode.

Mindre arbeid

Tydelegast ser vi det på arbeidsdeltakinga til kvinner. Særleg Kristin Halvorsen argumenterte i si tid for at fleire barnehageplassar ville føra til auka likestilling og fleire kvinner i arbeidslivet. Audun Lysbakken har fylgt opp denne argumentasjonen: «rett til barnehageplass har gjort det lettere for kvinner å kombinere arbeid og familie», skriv han på eigen blogg og hevdar samstundes at dyrare barnehageplassar vil føra til at kvinner arbeider mindre.

Desse påstandane har lita dekning i statistikken. Sidan 2000 har det ikkje vore nokon auke i arbeidsdeltakinga for kvinner generelt og mødrer med småborn spesielt. Unge kvinner deltek faktisk litt mindre no enn til dømes i 1998, og om vi ser på samla arbeidstid for kvinner i fertil alder, har det faktisk vore ein klår nedgang dei seinaste åra. Så punkt 3 har ikkje vore ein suksess, kvinner har ikkje auka arbeidsdeltakinga si, og dei tek ut meir fritid enn før.

Kvifor det er sånn, er det vanskeleg å svara på, men generelt er det slik at folk kan taka ut auka levestandard på to måtar, anten i høgre forbruk eller i auka fritid, og sidan barnehagereforma både gav auka tilgang på barnehage og auka levestandard for barnefamiliar, er det kanskje naturleg å tenkja seg at ein del har bytt dei reduserte kostnadene inn i auka fritid. Frå eit kaldt økonomisk synspunkt kunne det kanskje har vore lurare at ein i kombinasjon med auka tilbod på barnehageplassar hadde auka prisane. Då hadde fleire måtta arbeida hardare for å halda oppe levestandarden.

Når vi òg veit at talet på tilsette har auka med 40.000 i barnehagane og desse i hovudsak er kvinner, så må ein seia at nett her har barnehagereforma truleg ikkje hatt nokon positiv effekt for norsk berekraft. Barnehagereforma har ført til at privat sektor har mist tilgang på arbeidskraft og kanskje ført til at norske kvinner arbeider mindre. Her må det rett nok seiast at det i denne aldersgruppa har vore ein sterk auke i talet på innvandrarkvinner som tradisjonelt har lægre arbeidsdeltaking enn norske kvinner. Men samla sett er konklusjonen at det er vanskeleg å finna nokon positiv effekt av barnehagereforma på arbeidsdeltaking.

LES OGSÅ:Barnehageborn synest dei vaksne er for travle

Kanskje, kanskje ikkje

Men gjer ikkje barnehagar oss til betre skuleelevar? I det minste seier NHO det. Dei har gått inn for at vi no skal lægja skulealderen til fem år, og hevdar at det vil gje oss ein mykje betre skule, og at «det er samfunnsøkonomisk lønnsomt», som NHO-direktør Kristin Skogen Lund skriv i ein kronikk der ho òg påstår at det å gå i barnehage gjer oss til langt betre skuleelevar generelt. Men her er juryen framleis ute. At tidlegare innsats anten i form av skule eller barnehage hjelper på skuleresultat og evner, har vore ein vanleg påstand i mange år. Det var mellom anna difor vi fekk L-97 og med det skulestart for fem- og seksåringar i Noreg. Her er fasiten langt frå klar.

Det vi veit frå internasjonale granskingar, er at den vaksne folkesetnaden i Noreg er mellom verdas beste lesarar. Få av desse gjekk i barnehage; i 1968 gjekk til dømes berre 10.000 born i Noreg i barnehage, og berre eit lite mindretal av dei som er over førti, har gått i barnehage. Det vi òg veit, er at leseevna har gått kraftig ned mellom unge under tretti år i Noreg. Vi veit òg frå Matematikkrådets granskingar av norske studentar at rekneevna har falle til dels dramatisk i den siste generasjonen. I takt med at stadig fleire har gått i barnehage, har skuleresultata vorte dårlegare og dårlegare. Det tyder ikkje at vi kan slå fast at barnehage er uheldig, men det gjer det samstundes vanskeleg å seia at barnehage er svært viktig for skuleresultat.

Ingen effekt av L-97

Men L-97 gjev oss ein viss peikepinn, for det fyrste året i skulen vart lagt opp slik at det skulle vera mest mogeleg likt barnehagen, Stortinget ville ha ein mjuk overgang mellom dei to institusjonane. Har L-97 hjelpt på skuleresultata? I 2012 publisert dei tre forskarane Nina Drange, Tarjei Havens og Astrid Sandsør frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Universitetet i Oslo ein større artikkel om L-97 og obligatorisk barnehage frå fem år av, og kva effekt det hadde hatt på skuleresultata. Dei sjekka mot ei rad variablar og konsentrerte seg særleg om born med uheldig sosio-økonomisk bakgrunn. Resultatet: Dei «fann så godt som ingen (positiv) effekt» av tidleg skulestart eller obligatorisk barnehage.

I USA har ein i mange år hatt det såkalla «Head Start»-programmet, som skal gje born med uheldig bakgrunn god barnehage før skulen. I 2012 kom ei større evaluering i regi av Kongressen, den viste liten eller ingen positiv effekt. Men andre og mindre forskingsprosjekt har gjeve andre og meir positive resultat.

Professor Mari Rege ved Universitetet i Stavanger er ein av dei som hevdar at det finst mykje dokumentasjon på at barnehagar – særleg dei med høg kvalitet, slike som i Noreg – har ein sterkt positiv effekt, særleg har ho drege fram den amerikanske granskinga High-Scope Perry Preschool Study. Den syner at for kvar dollar styremaktene investerer i gode barnehagar, så får dei 16 dollar att. Studien har gått over fleire tiår og har sett på korleis det går med 123 afroamerikanske born med uheldig sosioøkonomisk bakgrunn. Studien viser at den gruppa som fekk god barnehage, vart mindre fengsla enn kontrollgruppa. I den gruppa som fekk barnehage, var 36 prosent fengsla fem eller fleire gonger før dei fylte førti, medan kontrollgruppa som ikkje fekk barnehage, hadde ein tilsvarande prosent på 54. 90 prosent av «fortenesta» som samfunnet hadde, var ved mindre fengsling. Det er vanskeleg å setja om slike resultat til norske tilhøve.

LES OGSÅ:Lærer best i barnehagen

Bra for innvandrarborn

Det som derimot er klart relevant, er resultata frå ein studie til SSB om gratis kjernetid i barnehage i Oslo: «De foreløpige analysene tyder også på at effekten er stor for barn fra innvandrerfamilier hvor mor har lav utdanning eller liten arbeidsmarkedstilknytning. Vi finner ingen effekt av tilbudet om gratis kjernetid på bruken av barnehage blant barn uten innvandrerbakgrunn. Vi finner heller ingen effekt på disse barnas senere prestasjoner på de nasjonale kartleggingsprøvene».

Det ser ut til å vera relativt brei semje mellom forskarar om at innvandrarborn får ein positiv effekt av barnehage, men samstundes er det òg slik at dei aller fleste innvandrarborn alt går i barnehage. Kor mange innvandrarborn som går i barnehage, ser det ut til å vera litt usemje om. Utdanningsdirektoratet seier «at minoritetsspråklige barn benytter seg av barnehagen like mye som alle andre barn. Det er heller ingen forskjell i avtalt oppholdstid mellom minoritetsspråklige barn og alle barn i barnehagen». SSB er usamde, dei seier at 72 prosent av born av innvandrarforeldre går i barnehage, mot 90 prosent generelt. Men jamvel om innvandrarborn gjer det betre når dei går i barnehage, er det framleis slik at dei aller fleste innvandrarborn i Oslo treng ekstra språkhjelp når dei byrjar i skulen. Eit tiltak som truleg hadde hatt stor positiv effekt, er obligatorisk og gratis barnehage for alle innvandrarborn. Så illiberale er ingen norske parti at dei har gått inn for det.

Det vi kan slå fast, er at forskingsresultata er svært ulike. Dei som står bak PISA-granskinga, meiner at barnehage gjev 20 prosent betre matematikkresultat for femtenåringar, medan andre forskarar ikkje finn nokon slik effekt. I alle høve gjer Finland det best på PISA. Der byrjar ein på skule det året ein fyller sju. Det er neppe ein dristig påstand å seia at Stortinget kunne nytta dei 20 milliardane på ein meir effektiv måte enn gjennom den barnehage-reforma som vart vedteken. Men reforma har i det minste gjeve slike som underskrivne ein mykje høgre levestandard.

LES SAKA I DAG OG TID!