Hot halling på Bylarm

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når folk møter meg forventar dei at eg er som Stein Torleif Bjella, men det er eg jo ikkje, seier hallingen Daniel Kvammen.

Der treff han godt. For det er nesten det eg ventar meg. Berre i ein litt yngre versjon. Dei opererer i det same landskapet musikalsk, og har trakka i dei same dalsøkka. Sjølv om Daniel strengt tatt er frå litt høgare opp i lia. Nærare bestemt skibygda Geilo. Bjella kjem frå kulturhovudstaden Ål, heimbygda til heile Noregs Hellbillies.

Det er tydelegvis noko med Hallingdal, som gjer mennene litt melankolske. I alle fall andre- og tredjegenerasjons musikarar. Hellbillies er litt livlegare.

LES OGSÅ: Bjella: Poet for problema

Ein heidersmann
Og unge Kvammen legg ikkje skjul på at “sjefen sjølv”, som han kallar Bjella, er eit stort førebilete.

– Eg hugsar enno kvar eg var første gong eg høyrde låta «Heidersmenn». Det var heime i stova hjå ei venninne som heitte Solfrid. Eg tenkte at herregud, dette er røft. Eg meiner det må vere ei av dei beste norske låtane som er skrive.

I går var han på ein av dei tre utselde konsertane til sjefen sjølv. Det merkast i dag.

Men han er likevel klar for besøk. På bordet står innkjøpt rullekake og lefse. Han sit i ein klassisk skinnstol. Ein slik ein kan sippe whiskey og røyke sigar i. Den stod der då dei overtok leilegheita.

Det tok eit år før han vart komfortabel i Oslo. No har han funne seg til rette i musikkmiljøet her. Likevel er det godt å stikke heimatt innimellom.

Men det har enno ikkje vorte tekstar med direkte skildringar av heimstaden, slik Bjella gjer. Likevel, det er noko med referansane til heimefestar og vedkløyving som gjer at ein skjønar kvar han kjem frå. I tillegg til dialekta.

LES OGSÅ: Moddi – den flygande strikkegenseren

Dialekt-ambassadør
I år er det rekordmange Bylarm-artistar som syng på norsk, melder NRK.no.

Heile 17 av 65 artistane på Bylarm, 26 prosent, nyttar norsk frå scenekanten. Unge musikarar som Frk.Fryd og Daniel Kvammen er døme på dei som har funne si stemme på eige språk.

Som tredjegenerasjons musikar frå Hallingdal er han glad for at nokon har trakka opp spora og oppdaga halling som songmål. Å finne si musikalske røyst på dialektar ingen har nytta til tonar før kan vere ei utfordring, fortel Daniel, som har diskutert emnet med ein kollega frå Sørlandet.

– Folk har gjort meg merksam på at eg no er vorte ein slags ambassadør for hallingmålet, seier 25-åringen.

Og det er ikkje fritt for at det har vanka litt velmeinande kjeft frå vener frå oppveksten. Språk er som kjent engasjerande, og for den unge hallingen har engasjementet vekse med musikken.

– Det er eit fint songspråk. Eg tykkjer hallingdialekta gjer det mogleg å vere nøktern og livlig på same tid, skjønar du?

Det nøkterne er noko han har sansen for. Han har skrive ei tekst om det i det komande nummeret av kulturmagasinet Fanfare. Der har han freista å lage den musikalske versjonen av Lars von Trier sine ni dogmer. Å kutte det tekstmessige tomgodset og kome inn til beinet er eitt av dei. Han freistar å gå vekk frå dei store orda.

Kanskje eignar hallingdialekta seg særleg til å gjere kvardagslege strofer store.

Men det var ikkje sjølvsagt at han skulle ta med seg den munnlege arven frå heimstaden vidare. Med rundt 2400 innbyggjarar og tjue gonger så mange turistar, får innbyggjarane mykje innputt utanfrå.

Begge syskena hans pratar bymål og dei var berre tre- fire stykk i klassen, som prata dialekt då dei gjekk ut av skulen.

Med åra har han vorte meir glad i Hellbillies.

LES OGSÅ: Hellbillies viser spennet – og saknet

Saka fortset under musikkvideoen:

Popprinsessepynt
Han er tidleg ute med å beklage veggpryden. På veggane i heile leilegheita heng sjokkerande mange bilete av popprinsessa Taylor Swift. I eit hjørne står til og med albumet hennar Red på plate. Han arbeider i platebutikk og har opparbeida seg ei god samling. Innimellom avbryt han for å snu plata. Her er høgt under taket. Både fysisk og musikalsk. Daniel forklarar at pryden er restar etter ein temafest for sambuaren.

Det skin igjennom. Den amerikanske blondina er ein guilty pleasure.

– Med Taylor Swift, er det litt humor. Men sjølv om det er enkelt og fjasete treng det ikkje vere dårleg. Det er ein viss sjarme i å hugse tilbake til då ein var vilt forelska og alt var utrulig vanskeleg, sjølv om det sjølvsagt var grådig enkelt. 

LES OGSÅ: Ikkje berre Frk. Fryd

Næringsvett i skallen
Popyndlingen står i sterk kontrast til hans eigne melankolske tekstar til gitar. Ein kan nesten mistenkje han for å ikkje ha det så fint, men det går eigentleg greitt.

Mykje har skjedd på eitt år. Sjølv tykkjer Daniel at han har fått mykje merksemd for lite. Allereie før første plata får han spelejobbar på Bylarm og Øya til sommaren. 

– Øya er litt skumlare. På ei stor scene kan det verte ein heilt anna lyd. Dessutan er folk i store mengder ein uting uansett kva samanheng det er i, meiner bygdeguten.

All merksemda legg press på arbeidet med førsteplata, eit prosjekt som kan kome til hausten. Det er ikkje lenger berre å springe til øvingslokalet og spele inn i eitt tak, slik han gjorde med den bestilte julelåta «23. desember». No må plata bli killer-bra. Og Daniel har ikkje trua på at karrieren skal fortsetje i ei like bratt kurve oppover.

Om alt går skeis kan han jo alltids falle tilbake på ein BI-bachelor i kultur og leiing, som han somlar med. Og det er ikkje dumt å få litt næringsvett i skallen, peikar han på. Næring til fordommen om at dei er praktiske på bygda.

Kulturkyrkja
Det starta i Hallingdal. I sin tidlege ungdom byrja musikkarrieren med det han sjølv omtalar som dårlege engelske punke-tekstar. Men sitt norske materiale har han ikkje spelt heime. Han har vore inne på tanken.  Då må det bli i kulturkyrkja, der Bjørn Eidsvåg er ein gjengangar.

Han medgjev at det er litt ekstra skummelt å kome heim. For det er jo ikkje sikkert dei likar det der, sjølv om det går godt her nede i byen.

Og kanskje kjenner folk i Hallingdal seg meir att i tekstane. Daniel, som heller kallar seg utøvande kreativ aktør, enn kunstnar, finn inspirasjon i dei rundt seg. «Ingen vega utanom» er nærast ein kjærleikssong til ein kamerat.

– Eg trur han tykkjer det er ålreit, han seier i alle fall det når han er full.

Næring til fordommen om inneslutta bygdemenn, som ikkje snakkar om kjensler.

For artisten sjølv er songtekstane nærast som ein samtale med seg sjølv og somme tider kan det vere godt å få snakka litt ut.

Det var ikkje så mange kjærleikssongar før, men det har det vorte meir av no.

Men kva er hemmelegheita bak reinskåren bygderomantikk? Er det mykje vedkløyving som skal til?

– Eg har kløyvd nok ved, utan at eg skal skryte for mykje på meg. Eg har brukt sånn maskin.

Daniel synar med armane korleis han skyv veden fram mot sagbladet.

– No er det far som gjer det og me får sendt ved hit.

Daniel peikar mot fyringsplassen. Det er koseleg med peis. Og ved frå Hallingdal.