Sp-ungdommen vrakar Borten Moe
Senterungdommen rår moderpartiet til ikkje å la Ola Borten Moe fortsette som nestleiar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vrakar Borten Moe
– Vi har blitt einige om å sende inn eit forslag på Trygve Slagsvold Vedum som leiar og Anne Beathe Tvinnereim og Janne Sjelmo Nordås som nestleiarar, seier leiar i Senterungdommen Erling Laugsand til Nationen.
Forslaget er vedteke etter ein brei diskusjon i ungdomspartiet, der alle fylkeslag har vore involverte.
Vedtaket var ikkje samrøystes, men fleirtalet mot Borten Moe var tydeleg, ifølgje opplysningane til Nationen: Berre fire av dei 19 fylkeslaga til ungdomspartiet ønskjer at Borten Moe skal fortsette i leiinga. Tolv fylkeslag vil vrake nestleiaren, medan tre unnlét å ta stilling til spørsmålet.
– I innspela kjem det fram at det er usemje i synet på Ola Borten Moe, men vi er samla om vedtaket vi har sendt inn, seier Laugsand, som sjølv sit i Sps valkomité.
Senterpartiet skal velje ny leiing 7. april. Fristen for fylkeslaga til partiet til å kome med innspel til valkomiteen gjekk ut sist søndag. (©NPK)