Odd Nordstoga satsar på barna med bokutgjeving og konsertserie denne våren, men innrømmer at han knapt syng for sine eigne.

NPK-NTB– Gitte Johannessen
NPK-NTB– Gitte Johannessen
Faktaboks

Odd Nordstoga

• Første utgjeving var med gruppa Something Odd i 1997, ei sjølvtitulert plate.

• Det kommersielle gjennombrotet kom med «Luring» i 2004, som selde meir enn 150.000 eksemplar og fekk to Spellemann-prisar.

• Førre «vaksen»-album med eigenkomponert musikk, «November», kom i 2010 og gav han tre Spellemann-nominasjonar – som årets artist, tekstforfattar og komponist.

• «Bestevenn», med musikk inspirert av boka «Vaffelhjarte» av Maria Parr, som NRK laga TV-serie av, kom i 2011.

• I fjor kom «Heimafrå», der Nordstoga og Ingebjørg Bratland tolka folkemusikk frå heimtraktene Vinje og vann Spellemannpris. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg trur eg er heilt vanleg. Eg syng godnattsong på oppfordring, litt til kvelds for eigne ungar, men er inga lysande stjerne i formidling av songar til barn på den måten, medgjev han – men rosar svigerfamilien sin.

– Dei er meir songglade på den måten. Eg akkompagnerer, eg.

Men den første veka i mars kan mange barn få oppleve Odd Nordstoga syngje for dei: Då legg han ut på ein miniturné, der han både syng barnesongar og trakterer trekkspel og gitar i tre litteraturhus.

LES OGSÅ: Nordstoga går for app

Gav han «Kveldssong»
Høvet er at songboka han er redaktør for, Samlagets «Song for meg og deg», kjem i ny og utvida utgåve. Ho kom første gong i 2002.

I føreordet til nyutgjevinga skriv Nordstoga at boka var «spesiell» for han, sidan det var til den han komponerte melodien til Ragnar Hovland-diktet «Kveldssong for deg og meg». Songen skapte som kjent historie då han spelte han inn til gjennombrotsalbumet «Luring», som i år kan feire tiårsjubileum.

– Er det ein barnesong?

– Skiljet mellom vaksen- og barnemusikk er lite når det er ein viss kvalitet. Sjå på Alf Prøysen. Ja, han spelte i «Barnetimen» og mykje for ungar, men like mykje for dei vaksne. Forskjellen er ikkje så stor.

LES OGSÅ: Nordstoga: popmusikk er som slåttestev

Eigne songar med
Om «Songbok»-originalen for 12 år sidan seier Nordstoga at han «ringde rundt til folk som dreiv med barn og kultur», i tillegg til at han også bladde i den gode, gamle «Songboka mi», som klassa hans brukte mykje på skulen. Dette var den første store nynorsksongboka og kom ut i 1982.

Til nyutgjevinga av «Song for deg og meg» kom også nokre fleire av Odd Nordstogas eigne, nye barnesongar med, frå «Jul i Svingen» og «Vaffelhjarte».

– Det var forlaget som foreslo dei og meinte dei kunne passe til barn. Det er ikkje fordi eg meiner dei er klassikarar, seier den nøkterne telemarkingen.

Dermed står nytt materiale som «Bestevenn» og «Ein farfar i livet» side om side med klassikarar som «Mellom bakkar og berg» og «Blåmann» i andreutgåva av songboka.

– Treng vi songbøker for å hugse desse klassikarane i dag?

– Det å lære songar utanåt er nok borte frå musikkundervisninga, trur Odd Nordstoga og legg til: – Det blir til og med mykje mumling når vi kjem til tredjeverset på nasjonalsongen på 17. mai.

LES OGSÅ: Nordstoga til Norge rundt

Ny barnebok
Frå neste veke tek han turen til tre litteraturhus rundt i landet med barnesongane frå songboka. Under slagordet «det er lov å synge med» kan barn – og foreldre – oppleve Odd aleine på scenen 1. mars på Litteraturhuset i Oslo, 2. mars på Litteraturhuset Fredrikstad og laurdag 8. mars i Bergen.

– Då syng eg det eg brukar mest sjølv. Og då passar det nok ikkje med «Mellom bakkar og berg», trur han sjølv om låtvalet.

Barnesongturneen er ikkje det einaste han syslar med for dei minste no i år:

Odd Nordstoga skriv også på oppfølgaren til fjorårsutgjevinga «Eg og Pontus går for gull», bildebokdebuten hans på verseform som kom på Gyldendal.

– Det er ikkje så mykje for å prøve noko nytt, som det er ein omveg. Eg gjer det for å bli ein betre låtskrivar, med meir vekt på teksten. Og så prøvar eg å gjere litt musikk.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

ANNONSE