Forsvarar retten til å skyte dompap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha rett til å skyta dompapp

I dag slepper bøndene å spørje om lov om dei vil skadefelle nokre dyreartar. Dompap er mellom dei fugleartane ein har lov å avlive på sin eigen eigedom dersom han gjer skade på avling, husdyr, tamrein, skog, fisk, vann eller annan eigedom.

Ikkje tid å søkja
Eit nytt forslag frå Miljødirektoratet krev at bøndene må søkje Fylkesmannen om dei vil skyte dyr på eigedommen sin. Senterpartiets Geir Pollestad har teke til pennen for å fortelje klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft at han ikkje ser nokre positive gevinstar av ei slik endring, melder Dagbladet.

– Når ein flokk med gjæs landar på åkeren har du ikkje tid til å søkja, dokumentera at det er naudsynt og at avverjande tiltak er prøvd ut. Når søknaden så skal offentliggjerast og det skal gjevast moglegheit for klage og anke er det allereie for seint. Når reven er i hønsehuset skal ein sleppa å søkja, seier stortingsrepresentant Pollestad til Dagbladet.

LES OGSÅ: Så mange søte dyr drep kattar

Positiv ornitolog
Generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening, Kjetil Aadne Solbakken, meiner på si side at det nye forslaget er ei klar betring. 

– Dagens praksis der ein kan skadefella fuglar utan å søkje først er uoversiktleg. No kan folk ta seg til rette og det er ingen moglegheit til å få innsyn i kva som skadefellast, seier Solbakken til Dagbladet.

LES OGSÅ: Jaktar rein på andre sida av kloden

– Går ikkje rundt og plaffar dei ned
Pollestad meiner at omfanget av skadefelling er avgrensa og trur at det uansett vi finnast mørketal.

– Eg har inntrykk av at norske bønder likar dompap, gråsporv og blåmeis. Eg trur ikkje nokon går rundt og plaffar dei ned, seier Pollestad, som meiner at om desse fuglane gjer skade må dei kunne avlivast utan for mykje papirarbeid for bøndene.

Senterpartipolitikaren meiner forslaget kan komme i konflikt med bøndene sin rett til å verna eigedommen sin.

— Det er eit viktig prinsipp at grunneigar har rett til å verna eigedommen sin. Det nye forslaget går ut over denne retten, seier Pollestad.

LES OGSÅ: – Ei tikkande bombe i landbruket

Faktaboks

Desse kan i dag skadefellast på eigen eigedom utan å søkje:

Grågås, kanadagås, kortnebbgås, siland, laksand, svartand, fiskemåke, hettemåke, krykkje, havelle, ærfugl, gråhegre, svarttrost, dompap, stær, kongeørn, hønsehauk, sporvehauk, flaggspett, svartspett, gråsporv, kjøttmeis, blåmeis, kaie, kornkråke, pilfink, bokfink, grønfink, raudstrupe, oter, flaggermus og alle jaktbare artar i dei kommunar det ikkje er jakt på arten.