Splitta kvinner, splitta sex

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På laurdag var eg på date, ein forseinka valentinesfeiring, dinner and a movie. Vi såg filmen Her, ein romantisk scifi-kommedie, der hovudpersonen Theodore Twombly forelskar seg i operativsystemet Samantha.

Eg skriv det igjen eg: Han forelskar seg i eit operativsystem. I starten av filmen blir nemleg det første operativsystemet med kunstig intelligens, OS-1, lansert. Samantha er eit operativsystem med medvit. I starten fungerer ho mest som ein kombinasjon av dataprogram og sekretær, medan ho og Theodore etterkvart blir  meir enn profesjonelt involvert. Dei blir vener, og ja, kjærastar.

I starten er sexlivet deira som ein tele- eller chattesex. Dei snakkar med kvarandre, og dei fortel kvarandre kva dei gjer med kvarandre. Etterkvart er dette likevel ikkje nok, ikkje først og fremst for Theodore, som ein kanskje skulle tru, men for Samantha. Ho byrjar nemleg å lengte etter å ha ein kropp, etter å få kroppsleg erfaring av alt dei snakkar om. Ettersom ho er eit operativsystem har ho sjølvsagt ikkje noko menneskeleg kropp, men Samantha er geskjeftig og let seg ikkje stoppe: Ho overtaler Theodore til å la Isabella, ei kvinne ho har funne på nettet, vere ein seksuell surrogat for Samantha. Isabella kjem, med kamera på overleppa så Samantha kan sjå frå hennar perspektiv, og både Isabella og Theodore har pluggar i øyre der dei høyrer stemma til Samantha. Slik skal ein meir «ekte» sex finne stad mellom operativsystemet Samantha og mennesket Theodor. Say that you love me, seier Samantha i øyret til Theodor, medan Theodor ser forvirra på Isabella. Når alt kjem til alt klarer han ikkje å gjennomføre det: Splittinga av kvinna er blitt for stor for han.

Annie ser seg sjølv elske

Det er ikkje første gong eg har sett kvinner splitte seg på film.

Ein gong etter at eg blei saman med han eg er saman med no, såg eg Annie Hall, ein av Woody Allen sine klassiske filmar frå 70-talet. For dei som ikkje kjenner Allen frå før, kan eg berre kort nemne at han lagar svært snakkesalige filmar som ofte handlar om angst, kjærleik og byane i hans hjarte.  Det var kjærasten som ville at eg skulle sjå han, han er av den typen som vil at eg skal sjå alt han er glad i, og vel, eg let meg overtale. Eg hugsar ikkje all verda frå filmen, men ein ting har likevel etsa seg fast:

Annie og Alvy (karakteren til Woody) ligger i senga. Alvy vil ha sex, Annie vil det ikkje (men skjuler dette), og Alvy klagar over at Annie er så distansert medan han kyssar og klår. Annie nektar for å vere distansert, men plutseleg ser vi Annie splitte seg: Annie i senga sukkar og seier let's just do it, medan ein ny versjon av henne reiser seg frå senga, sit seg på ein stol og ser på dei to elskarane.
Det var noko av det tristaste eg hadde sett, då eg såg det.

Trengselpå soverommet
Eg kom til å tenkje på denne scena førre veke, ettersom eg las Kathrine Nedrejord sin nye roman Trengsel. I boka følgjer vi den namnlause hovudpersonen, la oss kalle henne frøken T, som flyttar til Paris for å studere å skrive. Ho forelskar seg her i ein kjekk ingeniør med algerisk bakgrunn, og plutseleg er det dette forholdet, heller enn studie og skriving, alt handlar om. Men kvifor eg kom til å tenkje på Annie Hall når eg las boka?

I Trengsel er det ei scene ganske langt uti som kjentest ut som eit slags ekko. I starten av romanen er hovudpersonen fylt av attrå etter kjærasten, men utover i boka forsvinn det meir og meir, ettersom sjalusi fyller forholdet og pengeproblem og skrivesperre skapar tvil og redsle for frøken T. Ho har ikkje lengre noko overskot, ho har ikkje lengre noka lyst, men er livredd for at kjærasten skal sjå det: Han mistenkjer allereie at ho har andre, han bebreidar henne allereie for at ho ikkje gjer nok, ikkje i sosiale samanhengar, ikkje ovanfor han. Scena ser slik ut i boka:  

Og da blunker hun vekk tårene, ikke ødelegge alt med dem.

Distrahere han, siden seg selv, elske igjen, gjøre hendene, kroppen ivrig, lest noe om hormoner, hvordan det blit flere av dem dersom man bare tvinger seg ut i det, ligger sammen, bare å dykke ut i det og vente på positive etterreaksjoner, manipulere kroppen, tenker hun, og håpe på at hodet følger etter.

Kvinna har spalta seg: Ho er den som er lei seg, og den som må presse seg til å elske. På den eine sida denne indre dialogen, på den andre sidan sexen og det kroppen gjer. Ho er eit medvit som manipulerer kroppen sin, så kroppen kanskje kan bli tilfredsstilt, så medvitet kanskje kan bli lykkeleg. Men kan det fungere då?


Ute av seg sjølv
I psykologien og psykiatrien snakkar ein om depersonalisering, ei av erfaring av å vere utanfor seg sjølv, og sjå på seg sjølv og situasjonen den er i utanfrå. No er eg ingen psykolog og er eigentleg ikkje ute etter å lage noko diagnose på desse karakterane, men etter at eg la Trengsel frå meg har eg ikkje klart å legge spørsmålet bort: Kvifor spaltar desse kvinnene seg? Eg ser føre meg Annie Hall som sit på stolen og røyker medan ho ser på seg sjølv elske med Alvy, og eg er føre meg jenta i Trengsel som elskar meg kjærasten for å distrahere seg, utan at eg er overtydd over at ho klarer det.

Der splittinga i Annie Hall og Trengsel ein er psykologisk splitting, er splittinga reell på eit anna vis i Her. I Her er det jo faktisk slikt at kroppen tilhøyrer ein person medan sinnet (som Theodore elskar) tilhøyrer ein annan. Theodore elskar operativsystemet Samantha og for han vert det umogleg å late som om Isabella er hennar fysiske form. Men sjølv om Her er annleis enn dei både Annie Hall og Trengsel så trur eg, etter å ha tenkt litt over det, at dei har noko til felles.

Når standarden blir umogleg
For når kvinnene splitter seg, så er dei på veg bort. Både i Trengesel, Annie Hall og Her kan det i starten verke som om det er mennene som har makta i forholdet, fordi dei bestemmer korleis det skal vere, kva som er rett.

I Her blir det rett og slett slik fordi det å vere menneske blir sett på som overlegent det å vere eit operativsystem. I starten av filmen er spørsmålet korleisTheodore kan elske eit program, og Samantha strevar for å vere menneskeleg nok, for å følgje standarden til Theodore. Men ein gong etter split-sexen skjer det noko underleg: Heile problemstillinga endrar seg. Spørsmålet er ikkje lenger om eit operativsystem kan vere nok for eit menneske, men om eit menneske kan vere nok for eit operativsystem. Samantha startar nye forhold, blir kjent med andre OS-ar og veks langt utover kva eit menneskeleg medvit er. Til slutt forlét ho Theodore, fordi det blir for smertefullt å freiste å vere den han ønskjer, i staden for seg sjølv. Theodore klarer nemleg ikkje akseptere henne for den ho er.

No er forskjellen mellom kvinne og mann heldigvis ikkje like stor som forskjellen mellom menneske og operativsystem. Men kvinna og operativsystemet liknar litt på nokre vis, fordi begge historisk sett har latt seg og situasjonen dei er i bli definert av menn.

Kanskje er løysinga rett og slett å bli meir ærleg, å slutte å spele, å be om litt meir. Annie Hall sukkar og seier let's just do it, når det ho kanskje skulle ha sagt var I'm not in the mood, I'm feeling kind of sad, could you please make me a cup of tea? Og frøken T, i Trengsel, den einaste plassen kaoset hennar kjem til uttrykk er gjennom skrifta. I skrifta er ho ærleg, ovanfor kjærasten må ho spele.

Har ein først begynt å spele er det vanskeleg å slutte, har ein først splitta seg er det vanskeleg å vere heil igjen. Iallfall saman med den personen som verka så sterkt på deg at du delte deg i to. Det visste Annie, det veit frøken T 41 år etterpå. Og korleis det blir i framtida? Kven veit, kanskje er vi alle plugga inn i operativsystem, kanskje er alle møter virtuelle, kanskje er vi alle splitta, heile tida: Ein kropp der, eit medvit her, eit møte, ein eller annan plass.

Først publisert i Magasinett.