Saiko: Veldig spennande og romantisk
Bokmelding av boka ”Saiko”.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bok: Saiko
Forfattar: Linn T. Sunne
Forlag: Samlaget
Boka handlar om jenta Ella som har skilte foreldre som bur hos faren sin. Ho har to bestevenninner som heiter Noor og Olivia. Dei er tre ungdomar som likar godt å feste om kveldane. På den eine festen ser ho Simon som ho småpratar med og som ein heilt vanleg ungdom blir Ella forelska. Plutseleg kjem ”Saiko” og alt forandrar seg.
Mi personlege meining om denne boka er at den er veldig spennande og romantisk. Med spennande meiner eg at ein kan kjenne att i Ella. Ho er ein ungdom som likar å utforske forskjellige ting. Boka er og romantisk, som vil seie at boka viser dei ulike følelsane til Ella. Så viss du er ein ungdom som er mellom 14-16 år som likar romantikk og spenning så passar denne boka perfekt for deg.
Forfattaren som har skrive boka heiter Linn T. Sunne. Ho har skrive fleire bøker for barn og ungdom. I 2012 fekk ho Brageprisen for romanen Happy.