– Provoserande framsyning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Knull meg, kven som helst, hyler skodespelaren som spelar ei kristen lesbisk jente på 16 år i det omdiskuterte stykket « I Guds namn».

Rundt henne står om lag 90 elevar frå 10. klassetrinn på Knarvik ungdomsskule. På scena vekslar fokuset mellom ein 17 år gammal gut som trur han er ein syndar fordi han ser på film og tenker på sex, ei 13 år gammal jente som giftar seg med Jesus, og ei lesbisk 16-åring, som har eit hemmeleg seksuelt forhold til venninna si, og som prøver å ta sjølvmord. Dei er alle sterkt prega av ekstremt usunne religionsutrykk.

– Unødvendig
Sara Helen Romarheim og Lars Martin L. Espetvedt frå klasse 10 A er imponert over skodespelarane, men synest stykket er fjernt frå verkelegheita, og litt på kanten.

– Eg trur dette stykket er støytande for mange. Det har ingenting med verkelegheita å gjera, men ein vil nok ikkje stå fram som kristen her på skulen etter dette, seier Sara.

– Eg synest kanskje at det er litt unødvendig å framstilla religion på denne måten, når ein veit at religion er årsaka til så mange konfliktar rundt om i verda, seier Martin.

Viktig å vera kritisk
Rektor på skulen, Olaf M. Hella er til stades under framsyninga. Han forstår kritikken som stykket har fått, mellom anna av Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug som omtalar stykket som grovt, med farlege religiøse eksempel og verkelegheitsfjern handling. Både Årås og Fedje skule er blant dei som har avlyst framsyninga.

– Det er mange sterke verkemiddel som vert tatt i bruk her, og mange sider ved livet som blir berørt. Om ikkje anna er det ein god inngangsport til å få snakka med elevane i etterkant, seier Hella. Trass i at stykket er ekstremt, ville han ikkje sagt nei til framsyninga om han fekk velja ein gong til.

– Det er bra at ungdomen lærer seg å vera kritisk. Også til denne framsyninga, seier Hella.

LES OGSÅ: Skular avlyser «I Guds namn»

Omdiskutert
Skodespelar Thea Borring Lande som speler den lesbiske 16-årin-gen, synest det er spennande å vera med i eit skodespel som er så debattert, men synest det er synd at framsyninga har blitt avlyst så mange plassar.

– Pastoren som kritiserte stykket har berre sett ein liten del av det. Det er synd at vi har fått avslag ifrå fleire skular berre på grunn av han, seier Lande.

Er de redd for å støyta kristen ungdom med innhaldet stykket?

– Nei, vi er ikkje redd for å støyta nokon. Det handlar om å kritisera kristne vaksne, og det handlar om å vera litt kritisk, og stilla spørsmål til dei lovar og reglar som vi omgir oss med til dagleg, seier ho.

EKSENTRISK: Pastoren ser Gud i alt og i alle. Han velsignar alle dei frammøtte elevane på Knarvik ungdomsskule. Foto: Lillian Sivertsen

Les saka i Nordhordland!