– Handlar også om elevane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det spår i alle fall Utdanningsforbundet som nå manar til kamp mot KS sitt framlegg til ny arbeidsavtale. Stikkorda i konflikten som er i ferd med å gå skikkeleg varm, er arbeidstid, avspasering og om kor mange veker i året ein lærar skal fysisk vere tilstades på skulen.

– Det er eit stort engasjement, eg trur ikkje at eg har opplevd noko liknande tidlegare. Det ein fryktar mest frå vår ståstad er at det skal bli mindre tid til førebuing, retting og elevomsorg. Slik dei fleste kjenner skulen og lærarane i dag vil ein ved problem kunne forvente å ta kontakt langt utover det som er normal arbeidstid. Det kan vere viktige spørsmål som kan få store konsekvensar både heime og på skulen. Det er også ein forventning om at undervisning blir førebudd og prøvar blir retta på ettermiddag- og kveldstid. Om dette fell vekk blir det ein ny skulekvardag eg trur mange ikkje vil kjenne seg att i, seier Lars Johannes Liknes, leiar i Utdanningsforbundet Tysvær.
 

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030

Støy
– Det har vore sjeldan mykje støy rundt denne saka. Kva trur du er grunnen til det?
– Det kan skuldast fleire ting. For det første kom krava frå KS på oss med full tyngde utan at dei fleste såg det komme. Dei gjekk hardt ut og påropa seg brei støtte både kommunalt og skulepolitisk, noko som etter kvart har smuldra opp. For det andre har lærarar lang tradisjon med å gjere det dei har fått beskjed om, og har hatt ein tilnærming til sin jobb, som på mange måtar har gjort at ein ikkje ønskjer kamp. For det tredje trur eg dette er ei så grunnleggande omstilling at mange av dagens lærarar ikkje ser føre seg gjennomføringa av dette.
 

– Frykter for kvaliteten
Einar Magne Storhaug er leiar for kommunens FAU. Han representerer bekymra føresette.
– Dei føresette har brukt mange år på å komme fram til eit heim-skule samarbeid som fungerer. Me har stor tillit til lærarane og me vil sjølvsagt at dei skal vere til stades for ungane våre. Samstundes er det fleire som treng dei kontaktmulegheitene som ligg i dagens ordning. Difor er det mange nå som er bekymra og som fryktar for kvaliteten i skulen, seier Storhaug.
Han ser med skepsis på ordkrigen som nå går mellom lærarane og KS.
– Eg veit ikkje om eg liker ordkrigen så nå florerer mellom anna på Facebook. Lærarane er ungane sine forbilde, og eg håper og trur at debatten etter kvart roar seg noko ned. Samstundes skjønar me lærarane sin frustrasjon. Den kampen dei nå tar er på mange måtar ein kamp som kan få konsekvensar i lang tid framover, seier Einar Magne Storhaug.

Saka var først publisert i Tysvær Bygdeblad.