Følelsar er framtida
– også i musikken der teknologi er viktig.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtidas musikarar er samla i Reykjavik. Sónar Reykjavik er ein samproduksjon med Sónar i Barcelona, Cape Town, Stockholm. Men halvparten av banda på den islandske utgåva av Sónar, er islandske. I minst fire av dei, speler Högni Egilsson. Stjerna frå mellom anna Hjaltalín og Gus Gus var ein av dei store sønene i islandsk musikk – lenge før 2008. Lenge før krakket. Hans eige krakk, det menneskelege, det som har gjort han enno større.
HE-man, seier Andri, kompisen min, når eg spør han om han har sett Högni i løpet av helga. Sjølvsagt har han fått med seg Högni. Helst solo, aleine, naken, men ikkje naken. Open og ærleg, med blikket på oss publikummarar heile tida. Blenkar han i det heile tatt? Han stirar rakt inn i auga på oss, sjølv om Silfurbergssalen er stor som Rockefeller. "HE-man", gjentek Andri. "Han er eit geni." Og du kan få deg med Högni og orkesteret, Hjaltalín, under Bylarm neste veke:
Sonar og Bylarm har til felles at dei er arenaer for utvikling av musikkfeltet, for nyhenda og framtida. Det får eg vel seie, sjølv om festivalane features ulike sjangrar. Men i eit smalt felt overlappar Bylarm og Sonar. I dette spennande feltet finn du mellom andre den lettlikte og fengande elektropopen til When saints go machine, det meir avanserte og kanskje litt meir krevjande orkestret Hjaltalin – og Eloq. Alle er dei nordiske.
Saka fortset under biletet.
Högni på ein Hjaltalin-konsert i 2011. Foto: Lusinemarg/Wikipedia/CC-lisens
Det nordiske – og det digitale. Det er tema – og form – for eit av dei viktige seminara på årets Bylarm. Nordiske meistermøte er tema – og form – på dei fleste av dei interessante kulturhendingane eg har fått oppleve. Tidlegare har dei ofte vore litterære hendingar. Opplevinga av å vere nordisk – det å kjenne seg som ein naturleg del av heile Norden, har for meg vore ein letting og tryggleik. Lese nordiske kollegaer sine tekstar – i deira språk – utan omsetjing, er ei stor glede. Men kva er det nordiske musikkspråket? Kva kjenneteiknar "den kompliserte musikken" som Sonar presenterer i 2014? Først, eit premiss: Sonar har sjølv definert seg som ein arena for komplisert musikk. Men frå listene av artistar, er det tydeleg at nyhenda er godt representert. Og av alt eg har sett, er tre verdt å dra fram.
Det siste kjem frå dei eldste. Gus Gus har eksistert sidan tidleg nittital, og drar veksel på gamle ørnar som Depeche Mode og Pet Shop Boys. Musikk, stil, sex, sjel, kropp, dans, så glatt, at ein skulle tru det var berre datamaskiner bak. Men Gus Gus er til einkvar tid eit stort orkester. Ofte ni medlemmar, og i litt ulik konstellasjon frå gong til gong, frå situasjon til situasjon. Til scena i Harpa har dei med seg ein del innspelt materiale, som blir handsama av to karar bak maskiner. Og fremst på scena står dei, på kvar sine måtar så ulike, men begge karismatiske, vokalistar Daniel – og Högni Egilsson.
Högni er Gus Gus´ yngste mann. Men ein livserfaren mann. Frå fire – fem år attende i tid, har han kjempa mot schizofrenien. Og samstundes har han bygd seg solokarriere som musikar. Ein lyshåra Anthony, ein macho feminist, ein feminin hyperviking, framstår han som: Fysisk kjempestor. Psykisk kjempestor. Som musikar er han større enn nokon gong. Nærleiken til sjela og det menneskelege i seg, det er framtida – i musikken og i livet.