Kan få selja øl rett frå bryggjeriet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mikrobryggjeribølgja har teke Noreg med storm. Men i dag har dei ikkje lov å selja øl direkte til forbrukaren. Er det sterkøl må ølet innom Vinmonopolet og har det under 4,75 % alkoholinnhald har daglegvareforretningar med salsbevilling lov å selje det.

Dette vil landbruks- og matminister Sylvi Listhaug gjere noko med, ho vil la bryggjeria få selje sjølv, melder NRK Hordaland.

LES OGSÅ: Sterkøl gjer det sterkt

Lovutfordringar
Utsegna kom i samband med at Frp-statsråden vitja Voss bryggeri tysdag denne veka.

– Folk som kjem og smakar på desse produkta og likar dei, kunne gjerne tenkt seg å kjøpe dei med heim. Og for dei som produserer er det jo positivt at dei får inntekter, seier Listhaug til NRK.

For dei mange mikrobryggjeria som har starta opp over heile landet kan norsk alkohollovgjeving vere ei utfordring både når det kjem til sal og marknadsføring.

Listhaug meiner at ei slik regelendring vil gagna både produsent og forbrukar.

LES OGSÅ: Årets øl-innovasjon frå Voss

Produktinformasjon
I tillegg varsla landbruksministeren at ho vil mjuke opp reglane for alkoholreklame, eller produktinformasjon.

– I dag er det jo òg slik at ei avis kan skrive om produkta til ein mikrobryggjar, medan vedkommande sjølv ikkje kan laga ei nettside med informasjon. Det tykkjer eg eigentleg er litt rart, seier Listhaug vidare.

Ho kan fortelje at regjeringa vil sjå på moglegheitene for at produsentane sjølv kan få informere om sine produkt.

Dette klinger godt i øyrene til Petter Nome, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen, som nyleg gjekk ut med eit krav om oppmjuking av reglane for produktinformasjon om alkoholholdige varer. Han støtter forslaga frå ministeren.   

– Det er veldig logisk at bedrifter skal kunne selje dette på ein ubyråkratisk måte, og at turistar og andre skal kunne kjøpe det utan å måtte leite opp eit pol, seier Nome til NRK.