Grimes er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk barneblad
Anna Kleiva, Norsk barneblad

Musikk frå ein kanadisk laptop
Artisten Grimes heiter eigentleg Claire Boucher. Ho er fødd i Vancouver i Canada, men namnet hennar er frå den fransktalande delen av landet, Quebec. I tillegg til å ha fransk-kanadiske anar er Claire delvis ukrainsk, russisk og engelsk. Bror hennar er også blitt musikar, han kallar seg Jay Worthy og er rappar.

Claire dansa ballett i heile 11 år medan ho vaks opp. Då ho var 18, flytta ho til den andre enden av landet, Montréal i Quebec. Ho skulle studere russisk litteratur på McGill-universitetet, men bytte over til nevrobiologi, før ho til slutt gav seg med studia, for å arbeide berre med musikken. Det var nemleg medan ho budde i Montréal at Claire starta Grimes. Ho vart ein del av miljøet rundt Lab Synthèse, ein gammal tekstilfabrikk som er gjord om til konsertscene, der plateselskapet Arbutus Records seinare oppstod. Claire begynte snart å spele inn musikk på laptopen sin.

Sjølv om musikken hennar er ei heilt eiga blanding av mange forskjellige sjangrar, legg ho vekt på at ho er påverka av pop-musikk. Å drive med pop var radikalt i det miljøet ho tilhøyrde, fordi det blir sett på som simpel musikk. Grimes ville bryte med denne oppfatninga gjennom musikken sin. Dei musikalske inspirasjonskjeldene hennar spriker dermed i alle retningar: Mariah Carey, Nine Inch Nails, Beyoncé og mellomaldermusikk, for eksempel.

«Eg lagar ADHD-musikk»
I 2010 laga Grimes to album; Halfaxa og Geidi Primes. Begge vart utgitt av Arbutus Records, og fanst berre i kassett-format (!) og til gratis nedlasting digitalt. Det var også via nettet at musikken hennar vart spreidd og rost; ho blir gjerne kalla «ei ekte digital stjerne». I 2011 gav Grimes og d'Eon (som då var kjærasten hennar) ut eit delt album – dei hadde halvparten av songane kvar – som heiter Darkbloom.

Grimes spelar inn albuma sine sjølv, med sitt eige opptaksutstyr; ho produserer også sjølv. I tillegg har ho regissert sine eigne musikkvideoar, og laga kunst, både i samband med albuma og elles. Ho er ein ekte DIY-kunstnar («do it yourself» – gjer det sjølv), og på alle område er ho sjølvlært. I 2012 skreiv Grimes eit innlegg på bloggen sin der ho skildrar korleis ho heile tida blir nedvurdert i musikkmiljøet fordi ho er jente – i tillegg ei jente som ikkje vil ha eit seksualisert uttrykk. Samtidig er Grimes blitt omfamna av motemiljøet, og har laga musikk til og spelt for fleire store motehus.

I januar 2012 skreiv Grimes kontrakt med plateselskapet 4AD, og allereie månaden etter gav ho ut det tredje albumet sitt, Visions. Det var med dette albumet ho vart stor i fleire delar av verda, og også utanfor Internett. Ho hadde si første tv-framføring, og turnerte i Europa og Asia. Mot slutten av året vann ho ein Webby Award for årets artist; i tillegg låg ho høgt på mange kåringar over årets beste album. Grimes spelte i Noreg sommaren 2013, og jobbar for tida med det neste albumet sitt.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE