Eit språk for kroppshatet
– Det er blitt meir og meir akseptert i samfunnet å ikkje like eller tolerere seg sjølv, seier Charlotte Riise. Hovudpersonen i hennar andre bok slit både med kroppen, maten og orda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då dei var på veg til å gje opp, sa det klikk. Både for hovudpersonen i boka som slit med bulimi og depresjon, og for forfattaren Charlotte Riise, har det fungert å gje litt opp.
Ho er 26 år, er frå Ålesund og bur no i Vartdal, ein liten plass midt mellom Ålesund og Volda. Ho studerer engelsk og litteratur, men har ved sidan av studia klart det dei færraste klarer: Først å gje ut ei bok, og no å gje ut ei bok til. I den nye boka der vi gøymer løyndommar leitar ho etter eit språk for eteforstyrringane. Men sjølv om ho allereie hadde skrive ei bok var det ikkje berre enkelt å skulle skrive ei til.
– Da eg var ferdig med mi første bok, tok det lang tid før eg følte at eg fekk til å skrive igjen. I ein lengre periode skreiv eg på eit manus eg enno ikkje veit kva var for noko. Det eg visste, var at det var skikkelig drit, eg turte ikkje sende det til redaktøren min for respons eingong, seier ho.
Det gjekk så langt at ho haldt på å gje opp. Men mystisk nok var det nett då det såg som mørkast ut at det skulle losne.
– På eit tidspunkt bestemte eg meg for å forkaste heile greia. Eg gjekk gjennom tekstane og tok ut det eg synst var interessant. Og da bare kom det, fort. Det var eit eller anna som klikka på plass – det kjentest veldig riktig å skrive bok om ei liding nesten ingen snakkar om, og som er så usynleg.
LES OGSÅ: Ulukkeleg i det beste landet å bu i
Eit språk for bulimien
Det som nesten ingen snakkar om er eteforstyrringar. I der vi gøymer løyndommar leitar hovudpersonen etter eit språk for stillene, smertene og kjenslene som er blitt gøymd i kroppen, fortel Charlotte.
– På det konkrete planet handlar boka om ein person (ho eller han, det går for det same), som slit med bulimi og depresjon. Denne personen har mest gitt opp, og har slutta å kommunisere verbalt med omverda, inkludert sambuaren sin. Vi følgjer personen gjennom ein prosess inn i bulimien, og sidan det å skulle begynne å arbeide seg ut av han; finne eit nytt språk.
For språket er veldig viktig i boka. I fleire av dikta får vi høyre om den ordlause smerta, anten eg-et i dikta sit hos terapeuten eller er heime i hos sambuaren. Eit av dei språket som finst der, og som startar boka, er det medisinske språket. Boka startar nemleg med eit utdrag frå pasientjournalen til hovudpersonen. Charlotte fortel at dette elementet, det medisinske språket, kom inn etter at ho først hadde sendt teksta til redaktøren.
– I samtalane med redaktøren min kom det med behandling opp som eit punkt eg kunne skrive om eller utforske. Mange med eteforstyrringar har hatt mindre positive møte med psykiatrien og hjelpeapparatet elles, som også dikt-eget har, fortel ho.
Les også:Dikt og forbanna løgn
Den vanskelege helinga
For i boka er det ikkje berre slik at helsevesenet gjer ting lettare for hovudpersonen. Dette er eit poeng som har vore viktig for forfattaren.
– Eg tenkte at notata frå ein pasientjournal ville bidra til å vise at også pasient-behandlar relasjonen er med på å påverke sjukdommen, og korleis ein kommuniserer indre kaos ut. Og så tenkjer eg at dikta og journalnotata representerer forskjellige oppfatningar av sjølvet, og operer med to ulike språk, fortel ho.
I eit av dikta møter eg-et ein sjukepleiar som seier ho trur at hovudpersonen vil bli heilt frist, utan at det gjer hovudpersonen særskilt glad. I boka er det nemlig ikkje heilt slikt at frisk er lik bra og sjuk er lik dårleg.
– Eg trur bileta av «sjukdom» og «friskheit» er dynamiske i boka. Lenge er nok sjukdommen ein naudsynt ting for hovudpersonen, og derfor er friskheit umogleg. Reduseringsprosjektet sluttar ikkje sjølv om det sjukdommen skal meistre forsvinn. Dette er typisk for heile sjukdommen. Den er sjølvforsterkande, og om ein gir opp får han gå av seg sjølv.
For hovudpersonen i boka verkar det samstundes som om det er lettare å gje opp og vere sjukt, enn å kjempe vidare for å blir frisk. Charlotte tenkjer der ein samanheng mellom det å gje opp og det å bli frisk for hovudpersonen.
– Eg trur hovudpersonen gir opp på eit tidspunkt. Vil berre døy. Orkar ikkje ha det slik lenger, men orkar ikkje kjempe imot heller. Men det er jo også her at bilete av friskheit sakte byrjar å endre seg. Å innsjå at å vere i det som er trygt eigentleg er det som er sjukdommen, og difor ikkje vil gjere ting betre. Det som er trygt for hovudpersonen er blant anna kjærasten. Sjukdommen har påverka forholdet, og forholdet sjukdommen.
Og det å vere frisk, det handlar om langt meir enn berre immunforsvar og biologi.
– Eg tenkjer friskheit som fridom. Å vere fri for noko, seier ho.
Les også:Stadig yngre treng hjelp mot eteforstyrring
Kroppshatet i kulturen
I eit av dikta i boka blir omgrepet «kroppshatet» nytta, og i boka vert historia om korleis hatet seig inn i kroppen fortalt. For Charlotte er det eit poeng at kroppshatet hovudpersonen føler ikkje berre individuelt, men heng saman med kulturen vi lever i.
– Det er blitt meir og meir akseptert i samfunnet å ikkje like eller tolerere seg sjølv. Vi lever i eit samfunn som tener pengar på at vi, kanskje spesielt kvinner, aldri er nøgde med oss sjølve. Vi skal liksom heile tida fornye og forbetre oss, streve etter noko anna, eller noko uoppnåeleg, seier ho.
Å gje samfunnet all skulda for lidingane til hovudpersonen vil ho likevel ikkje.
– Eg vil vere forsiktig med å skylde på samfunnet for denne typen sjukdom, men samstundes meiner eg at ansvaret ikkje kan liggje hos individet aleine. Vi veit at populærkulturen og reklamen har enorm påverknad på enkeltpersonar, og for meg verkar det som om mange i samfunnet fråskriv seg det ansvaret. Om ein ser på kroppsfokus i massemedia, kan det verke som det aldri tek slutt. Kroppsfokus og sosial perfeksjon får større og større plass. Sunnheit er noko som har mista tyding; sjukleg åtferd vert normalisert til dømes gjennom at det er heilt innanfor å trene ekstremt mykje, eller å avgrense inntak av mat eller typar mat til det ekstreme. Eg trur ikkje straumen av slike artiklar bidreg til eit positivt bilete av kroppen og vårt forhold til han, seier ho.
Samhald i sjukdommen
For hovudpersonen i boka er det veldig vanskeleg å fortelje om korleis hen (hen er eit kjønnnøytralt pronomen Charlotte sjølv nyttar om hovudpersonen, journ. mrk) har det, og ofte vanskeleg å ha det godt med dei andre menneska rundt seg. Eit av dikta er formulert til ei jente som heiter Malene, som òg slit med eteforstyrring.
– Tenkjer du at to som har same sjukdom kan forstå kvarandre på andre vis enn folk som ikkje har hatt ein slik sjukdom?
– Ja. Eg trur det er vanskeleg for nokon som ikkje har vore sjuk å forstå den indre logikken i sjukdommen, eller motivasjonen for det ein gjer. Det er lett å føle seg veldig aleine med alle tankane, ein føler seg annleis og utanfor, og da tenkjer eg at å ha nokon andre som er i det same sjølv kan gje mykje god lindring og venskap.
Ho meiner likevel det finst ein risiko i å søkje kun mot andre med dei same røynslene.
– Det noko farleg over det å tenkje at ingen andre kan forstå. Ein set opp ei barriere mellom seg sjølv og nære relasjonar utan å prøve å snakke med dei. Ein manglar eit felles språk å snakke om ting på, rett og slett, og den sjuke kan fort bestemme seg for at det alltid kjem til å vere slik, seier ho.
QUIZ: Kven skreiv boka?
Vil bli forbisett
Det er ofte mykje skam knytta til eteforstyrringar, og det er ofte ein sjukdom som er løynd. Når ho har skrive boka har det vore viktig for Charlotte å føle seg mest mogleg fri.
– Det har vore vondt og vanskeleg å skrive om nettopp dette emnet. Men det har også vore interessant. Mens eg skreiv, tenkte eg i grunn ikkje på mykje. Det var viktigare ikkje å sensurere meg sjølv, skrive ut det som var skamfullt. Eg grudde meg til å sende manuset til redaktøren min, men utover det kom tankane først da boka hadde gått i trykken.
Då starta ho nemleg å tenkje på korleis samfunnet ville lese boka hennar.
– Eg er redd for at folk skal tenkje at vi ikkje treng fleire bøker om eteforstyrringar, eller at dei skal tenkje at boka ikkje er eit relevant bidrag, fortel ho.
Ofte har bøker – og kanskje særskilt bloggar – om eteforstyrring vore sjølvbiografiske eller blitt sett på som vitnesbyrd. Charlotte vonar at folk ser forbi forfattaren når dei les verket, og heller ser poesien.
– Eg har vore redd for at andre skal tenkje at dette berre er meg, når sanninga er at det kan vere nesten kven som helst i dag, det er berre så få som snakkar om det. Eg håpar at lesarane ser langt forbi personen som har skrive boka, at dei ser det litterære i det òg, at dei opplever det som poesi, seier ho.
Skriv vidare
Dei fleste får aldri publisert ei einaste bok. Av dei som får gjeve ut den første boka boka, skriv fleirtalet aldri ei til. I ettertid syns Charlotte det er underleg å tenkje på kor lett det var å skrive andreboka – sjølv om det kjentest tøft under vegs.
– Det er mest rart å tenkje på. Eg trudde bok nummer to kom til å bli veldig vanskeleg og tung. Eg hadde sånn angst for at eg aldri skulle klare å skrive noko igjen etter den første, så det har vore annleis å skrive denne, heilt klart. Sjølv om eg forkasta eit manus for denne boka, trudde eg ikkje det ville bli bok så fort, seier ho.
– Kva er planen no, etter denne boka er ferdig?
– Planen er å skrive, det kjem alltid til å vere planen. Men først skal eg gå rundt i tomheita etter ferdig bok, for no veit eg at det går det også, seier ho.