Snakka til den «grøne generasjonen»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Den grøne generasjonen»

Syverhuset er ein av åtte «miljøambassadørar» som reiser rundt på ungdomsskular og vidaregåande skular med miljøføredraget «Generasjon grønn» på oppdrag for Klima- og miljødepartementet. Namnet på føredraget speglar at dagens ungdom er del av den generasjonen som har sjans til å forma framtida når det kjem til samfunnet og lite utslepp, og målet er å engasjera ungdom til å ta meir miljøbevisste val slik at dei kan vera ein del av løysinga på dagens klimautfordringar. Miljøinteresserte kan også gå inn på denne bloggen og lesa meir.

QUIZ:Ta den store klimaquizen!

Effekten på dyrelivet
Kvinnheringen var med på føredraget Syverhuset hadde på Øyatun skule. Ho fortalde elevane at 276 dyreartar er kritisk truga i Norge.

– Kva trur de påverkar negativt? spurde ho.
– Forureining? Jakt? At ein tar vekk skogen? svara elevane.
– Ja, de har heilt rett. Og den største trugselen er såkalla arealendring. Ikkje berre hogst, men også endring av område, til dømes frå vill natur til bustadområde, sa Syverhuset. Ho peika også på veksande klimaendring som ein negativ påverknad.

– Vêr og klima er ikkje det same. Vêret varierer mykje frå dag til dag og år til år, men skal vi sjå på klimaendring må vi måla gjennomsnittsvêret over lang tid, og det er vanleg å bruka 30-årsperiodar.

Miljøambassadøren fortalde at fjellrevbestanden, som blei freda i 1930, framleis er i trøbbel, blant anna på grunn av klima:
– Lemen, som er matkjelda til fjellreven, blir negativt påverka av mildvêr om vinteren, og lemenåra er meir uregelmessige enn tidlegare. Heldigvis har ein hatt hell med avl av fjellrev på Dovrefjell, som kan hjelpa på bestanden.

Syverhuset peika også på at det har kome 20 prosent meir regn sidan 1920. Meir nedbør fører til flaum og ras, som igjen krev meir robuste vegar og jernbanelinjer.
– Det er eit døme på at vi menneske også må tilpassa oss klimaendringar.

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Bevisste val
Mange råstoff trengst for å produsera mobiltelefonar, blant anna koltan som blir utvunne i regnskogen, opplyste Syverhuset. I tillegg blir det brukt energi frå fossile energikjelder som olje. Det blir sagt at det blir produsert 75 kilo avfall per mobil som blir laga.
– Visste du at meir enn 90 prosent av ein mobiltelefon kan gjenvinnast viss du leverer den til rett plass i staden for å kasta den i boset?

Syverhuset fortalde også elevane at vi i Norge har fordobla kjøpet vårt av klede og sko dei siste 20 åra.
– Skulle andre land følgd i våre fotspor måtte vi hatt fire jordklodar! Men vi har jo berre éin. Ver bevisst på kva du kjøper og om produkta er bærekraftige eller ikkje. Det er vi som skapar behovet marknaden skal metta, sa miljøambassadøren, og avslutta med å minna ungdommane på at vi treng miljøbevisste folk i alle yrke og samfunnslag.

Elevane ved 10. trinn på Øyatun skule skal i dag og i morgon ta opp att tråden med klimafokus på skulen. Gjennom eit fiktivt «FN Klimatoppmøte» skal dei debattera og bli einige om klimautsleppa i verda. Elevane må dermed setja seg inn i klimapolitikken på førehand for å kunna debattera på vegner av ulike land som dei skal representera.

Les saka i Kvinnheringen!