– OL til OL-bygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1987 lanserte Einar Melve, som då var fylkesleiar i AUF, ideen om at Bergen og Voss saman burde søkja om OL saman. Roar Andersen gjekk så i spissen for bergensidretten ut med slike idear på 1990-talet. Men også denne gong la debatten saka død. For nokre år sidan dukka ideen opp igjen. No med bergensordførar Trude Drevland i spissen. Vossingen og investoren Even B. Hegbom har teke steget vidare. Under VM i freestyle i Myrkdalen i fjor, tok han ideen om OL i 2030 uformelt opp lokale og nasjonale krefter. I «Nationen» la han nyleg fram planane sine. Sidan den gong har det skjedd meir.

– Eg reknar med at ei prosjektgruppe som skal jobba med saka, vert oppretta om nokre veker, fortel Hegbom, som no samarbeidar med Einar Melve om arbeidet her lokalt.

Hegbom seier det må på plass eit par millionar kroner for å vurdera kor realistisk det er å kunne få eit OL til området.

Tidenes OL!

Hegbom ser til Torino-OL som ein modell for Bergen/Voss.

– Der var skiidrettane lagt til områder utanfor byen. I Torino gjekk hallidrettane.

Han meiner eit OL på Vestlandet vil verta skikkeleg spektakulært.

– Eit slikt OL vil verta plassert i vårt fremste internasjonale opplevingsprodukt: Fjordane og fjella. Dette vil mangedobla Noreg sin sjanse til å få OL. Aldri har det vel vore eit OL i så fine omgjevnader?

LES OGSÅ: Derfor bør IOC få beskjed

Curling på Vaksdal?

Einar Melve seier han har meir sans for ideen i dag, enn då han lanserte tankane i sin politiske ungdom.

– Tidspunktet avheng av kva som skjer med Oslo og OL-planane der. Det er klart at om Oslo får OL, så tek det lang tid før Noreg før OL igjen. Men isolert sett så meiner eg at Bergen og Voss saman skal kunna laga eit godt OL. Og så ligg Vaksdal midt i mellom. Her vil det kunna byggjast anlegg også. Det vil vera bra for etterbruk at ishallar, t.d., vert spreidd rundt i fleire kommunar, seier Melve.

Også Hegbom trekk fram Vaksdal som ein kommune der fleire anlegg kan verta bygde.

– Det ville vore heilt naturleg at ein av ishockeyhallane hadde vorte lagt til f.eks Dale, som ligg midt mellom Bergen og Voss. Og kvifor skulle me ikkje kunne byggja curlinghall i Vaksdal?, seier Hegbom.

Vendepunktet Sotsji

Både Melve og Hegbom trur Sotsji er eit vendepunkt med tanke på OL og økonomi.

– Sotsji vert nok ståande som eit vendepunkt. Det vil ikkje verta brukt like mykje pengar i framtida. Eg har vore i Sotsji og sett. Der har dei bygt opp alt frå botnen av, ny flyplass, svære vegar, nye hotell osb. Alt måtte byggjast opp, seier Hegbom. Han meiner situasjonen er annleis for Bergen og Voss.

– Bergen har stor hotellkaptasitet. Dessuten har me fjordar som kan ha skip som nyttast til m.a. overnatting. Bergensbanen og stamvegen mellom Bergen og Voss er planlagt utbetra. Vikafjellstunnelen like så. Og på Flesland er arbeid i full gang med å utvida flyplassen. I Bergen vil mange anlegg få god etterbruk, og t.d. er det store krefter i sving for å få bygt innandørs skøytebane i Bergen, om det kjem OL eller ikkje.

LES OGSÅ:Oslo-OL møter massiv motstand

(artikkelen held fram under bildet)

OL I SIKTE? Bergensordførar Trude Drevland og vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb er positive til OL i Bergen og Voss. – Me treng superentusiastar som kan fronta denne saka, seier Ringkjøb. Her er dei saman med Olav Farestveit, leiar i Voss ski- og tursenter, Jon Olav Heggeseth, Voss lensmannskontor og Heidi Olsen Nedkvitne i Voss Idrettsråd. Foto: Vidar Herre

Alpint på Gråsida?

Kvar anlegg eventuelt skal byggjast på Voss, vil ikkje Hegbom spekulera særleg i. Men han seier ein må sjå moglegheiter og ikkje problem. Og ein må tenkja heilt nytt.

– Til dømes så er det ikkje sjølvsagt at alpint skal arrangerast i Myrkdalen eller Bavallen. Det er store fjell i området, f.eks på Gråsida, som kanskje vil passa betre.

Hegbom er viss på at ein OL-søknad vil vera god marknadsføring for Vestlandet.

– Frå Bergen og Voss kjem igang med arbeidet med ein OL-søknad, vil området få stor merksemd. Å søkja om OL er i seg sjølv god PR, meiner investoren. Hegbom var positiv til OL-søkanden frå Tromsø, han stør opp om eit eventuelt OL i Oslo. Men han trur eit OL på Vestlandet, vil ha større støtte i befolkninga enn eit OL i hovudstaden. Eit OL vil også få fleire positive ringverknader for Vestlandet enn for Oslo, som er i eit tett utbygt område, meiner Hegbom.

Positiv ordførar

Vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb er positiv til utspela til Hegbom. Men då ordføraren lufta saka i formannskapet nyleg, var mottakinga heller laber.

– Eg personleg ser mange fordeler, ikkje minst med at me lettare vil få fart på intrastrukturen me har trong for: Utvida Bergensbanen og ny og betre E16. Men me er heilt avhenige av at nokre superentusiastar går inn og jobbar med saka. Det er også viktig at ein får med nabokommunar til Bergen og Voss. Dette ikkje minst med tanke på etterbruk av anlegg.

– The descision is Lillyhammer, sa dåverande IOC-president Juan Antonio Samaranch ein haustdag i 1988. Seks år seinare gjekk det som mange, i alle fall mange nordmenn, meiner er tidenes beste olympiske vinterleikar av stabelen. Om Hegbom og Melve nokosinne får høyra ein IOC-president seia «The descision is Voss» gjenstår å sjå.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!