Kuttar i skulebudsjetta

Utdanningsforbundet åtvarar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei undersøking gjort blant hovudtillitsvalde frå Utdanningsforbundet i kring 65 prosent av kommunane i landet, svarar halvparten at dei vil kutta i skulebudsjetta i år.

– Halvparten av dei som har svart seier at dei vil kutta i skulebudsjetta – og det er særleg lærarstillingar som blir borte. Det kjem til å gå utover kvaliteten på elevopplæringa, seier Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet, på nettstaden til forbundet.

Tilsvarande undersøking vart gjort før jul, basert på utkasta til kommunebudsjetta.

– Når budsjettvedtaka no er gjort, ser me at kuttforslaga har vorte realiserte, skriv Utdanningsforbundet.

– Med desse budsjetta blir det endå vanskelegare å realisera Erna Solberg sin «drømmelærar», seier Lied.
I den pågåande konflikten mellom lærere og KS om arbeidstid i skulen fryktar Utdanningsforbundet at det er nettopp ressursane i skulen som vil verta ramma. 

– Dette viser at me treng ein sentral arbeidstidsavtale – fordi det sikrar ressurser til den enkelte i skulen og det er med på å sikrar alle elever, uansett kvar i Noreg dei bur, lærarar som er godt førebudd og har tid til å følgja opp elevane, avsluttar Lied.