Vanskelegare å få prestar ut i distrikta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vanskelegare å få prestar

– Eg ser det som eit tviegga sverd å fjerna buplikta for prestar, seier Vegard Bondevik Lie, sokneprest i Hafslo. Han er òg leiar i Presteforeninga avd. Sogn.

Vert taparar
– Det er òg klart at å fjerna buplikta, kan gå utover å rekruttera prestar til grisgrendte strok, seier Bondevik Lie.

Hafslopresten viser til at biskopen i Bjørgvin er sterkt usamd med Kulturdepartementet i denne saka.

I Presteforeninga er ein oppteken av korleis det å avvikla buplikt skal kompenserast når det gjeld løn og arbeidsvilkår, seier hafslopresten.

Sterke reaksjonar
– Departementet har gjeve melding om at dei vil starta arbeidet med å avvikla ordninga om buplikt for oss prestar, men det er ikkje gjort vedtak enno. Buplikta vil ikkje verta oppheva no, men departementet er klar på at dei vil fjerna buplikta, seier Bondevik Lie.

Reaksjonane har vore skarpe etter at Kulturdepartementet på nyåret har gjort det klart at buplikta for prestar i Den norske kyrkja skal avviklast.

Ut av prestegardar?
– Kva vil skje med dei mange prestegardane rundt om i landet?

– Opplysningsvesenets fond (OVF) eig prestegardane. På mindre stader kan det òg gå utover å få søkjarar til sokn. Samstundes ser eg òg det kan verta eit problem at prestar ikkje vil kjøpa seg ein stad å bu på mindre stader, og dei problem det vil få. Avviklinga vil vera eit tviegga sverd. Ansvaret for å få ein stad å bu for prestar kan verta skuva over på kommunane, og dei må leggja til rette for å gje prestar ein stad å bu, seier Bondevik Lie.

Pendlande prestar?
Bjørgvin-bispen Halvor Norhaug er ikkje åleine om å fryktar for følgjene dersom buplikta forsvinn. Buplikta har vore ein viktig reiskap for å få prestar til å søkja seg ut i distrikta

– Prestar vil søkja seg til Bergen og andre stader der dei vil få avkasting for å investera i bustad. Då er det heilt annleis i Nordfjord eller Indre Sogn. Regjeringa ser ikkje følgjene. Dei veit ikkje kor sentral buplikta er for distrikta, seier Nordhaug til Dagen.

Bispekollega Atle Sommerfeldt er samd med bispekollegaen i vest, og han fryktar Den norske kyrkja endar opp med pendlande prestar frå Oslo eller andre større byar når buplikta er oppheva.

Delte meiningar
Hjå prestar har det vore delte meiningar om buplikta.

Presteforeningen har gått inn for ei varsam nedskalering av eksisterande ordning med buplikt. Fleire av høyringsinstastansar har gjeve støtte til dette framlegget.

Men departementet går likevel for at det skal verta slutt med buplikta.

LES SAKA I SOGN AVIS!