Ny teikneserie om “rockestjernelivet”

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Egil Olsen med ny teikneserie

På turne i Kina fekk han heimelaga figurar av hundane sine – Fender og Hellboy – i gåve. Livet som “rockestjerne” kan by på så mangt.

– Eg tykkjer at ein teikneserie er ein perfekt måte å vise kven eg er på, seier singer/songwriter Egil Olsen, som vonar at fleire vert kjent med han gjennom serien.

Stripa med namnet «Eg, Egil Olsen» skal stå på trykk i Dagbladet kvar dag – unnateke søndagar – den neste månaden.

Stripene skal syne både rockestjernetilveret og den litt patetiske delen av det å leve som halvkjent norsk artist.

LES OGSÅ: Egil Olsen i skrekkeleg musikkvideo

Musikk frå Ørsta
«Hei! Eg heiter Egil Olsen. Ja, det er to av oss. Eg er ein singer/songwriter.» Slik innleier Olsen den første stripa, som vart trykt i Dagbladet tysdag.

I dag er det langt ifrå alle nordmenn som kjenner til "den andre" Egil Olsen. For det er ikkje Drillo. Ikkje Bare Egil Band. Men Egil Olsen frå Ørsta, nynorskens vogge. «Born in the middle of Norway», som han syng.

Japansk teikneserie
Prosjektet byrja med at Egil Olsen ville lage ei teikneseriedagbok frå sin Japan-turné før jul. Det vart ein blogg.

Teikneserieredaktøren i Dagbladet, Snorre Bryne, likte idéen. Slik starta samarbeidet, som har resultert i fast stripeplass for multikunstnaren.

Men om han ikkje er stor i Noreg, så har han i alle fall vore på turné ute i verda.

– Er du Big in Japan?

– Eg er meir "big in China", svarar 33-åringen, som kan fortelje om Beatles-stemning og varme mottakingar på flyplassen med gåver både til seg sjølv og kona. Suvenirar, bøker og dei heimelaga figurane av hundane.

– Dei har ein betre utvikla fankultur i Asia. Der kan ein ha det som hobby.

Fangirl i Ålesund
Egil Olsen har lenge hatt eit karakteristisk visuelt krydder attåt musikken sin. Alle platecover har han teikna sjølv. I tillegg til merchandise, som buttons med seg sjølv og hundane.

Ja, han har faktisk òg vore festspelkunstnar under Dei nynorske festspela.

No får teikneserie-Egil sitt eige liv, utanom musikken.

Kanskje vil fanskaren vekse ytterlegare når Egil Olsen no stikk seg fram på fleire område.

I tillegg til å debutere som publisert teikneserieskapar, fekk han nyleg sin debut som fast innslag på den nye radiokanalen NRK P13.

Dette kan det verte fans av. Då slepp han å lage seg fiktive fans i framtida.

Songen «Fangirl», er eigentleg om musikaren sjølv, men han latar som om det er ei kvinne frå Ålesund.

Ho finst og er kanskje hans største norske fan. Ho er godt vaksen og ein ivrig konsertgjengar, som har alle platene og merchandisen frå Egil Olsen. Henne set han pris på.

Ambisjonane hans ligg framleis i musikken, framfor kunsten, men kanskje vil dette gje merchandise-salet eit lite løft. Egil Olsen skal i alle fall smi litt medan jarnet er varmt.

– Eg trur eg må lage nokre t-skjorter, seier sunnmøringen.

Faktaboks

Egil Olsen (fødd 1980)

• Singer/songwriter frå Ørsta, busett i Oslo.

• Starta musikkarrieren med bandet Uncle's institution.

• Gav i 2007 ut sitt første soloalbum «I am a singer/songwriter», der tittelsporet er hans til dags dato største hit.

• Er aktuell med Dagbladet-stripa «Eg, Egil Olsen».

Kjelde: Egilolsen.com