Kapra dansk fantasy-stjerne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er utruleg kjekt. Me fant ut at det var tredje eller fjerde året me har prøvd å få tak i ho, seier festivalleiar Roald Kaldestad i Falturiltu.

Etter fleire års prøving har den nynorske barnebokfestivalen klart å booka den populære forfattaren.

Ny strategi
Lene Kaaberbøl er dansk men bøkene hennar kjem ut på nynorsk.

– Ho er den ungdomsbokforfattaren me har hatt mest lyst til å med. Ho har vore så ekstremt oppteken. Men no hadde me ein ny strategi, fortel Kaldestad.

Falturiltu samarbeider med dei to festivalane bLest, litteraturfest i Tysvær og SILK, Skudenes internasjonale litteratur- og kulturfestival.

– I tillegg fekk me Samlaget til å ta kontakt med ho. Så no skal ho på turné turne frå Skudenes til Stord og så til Tysvær. Eg trur me skal få ho med på opningsdagen. Det trur eg blir veldig kjekt altså, seier Kaldestad om festivalen som går i av stabelen fire dagar i starten av november.

LES OGSÅ: Forfattarpris til Falturiltu

– Utruleg smidig
Til neste festival går Falturiltu vekk frå å ha ein festivalforfattar.

– I staden kjem me til å har eit tema som Kaaberbøl er tett knytt til. Det var eigentleg mykje som fall på plass når me fekk ho, seier Kaldestad.

Når Sunnhordland snakkar med han er han i møte med dei to andre festivalane. Festivalleiaren er glad for at dei har fått på plass eit samarbeid. Dei tre skal samarbeida om å få store og dyre forfattarar og musikarar til denne delen av Norge slik at dei kan turnera til dei ulike festivalane.

– Det er så utruleg flaks at festivalane går føre seg på same tid. bLest går same veka, og SILK tek til torsdagen før. Det overlappar så utruleg smidig heilt utan at nokon har planlagt det, seier Kaldestad.

Dei tre festivalane kjem til å samarbeida om fleire ting i år, men det kan Kaldestad enno ikkje gå ut med.

– Det er spennande, seier han.

LES FLEIRE SAKER FRÅ FALTURILTU HER!

Reiser til Bergen
10. mai skal Falturiltu presentera tema for årets festival og ein av sine favorittforfattarar på Litteraturhuset i Bergen.

– Me hadde ein tanke om at det var lurt å gjera det for å trekka til oss oss fleire publikummarar utanfor distriktet. Me vil bli større regionalt og nasjonalt, og tenkte at me må visa oss fram der folk er.

Falturiltu har leigd eit lokale på Litteraturhuset på ein laurdag, då det er faste laurdagsarrangement for born på huset. Favorittforfattaren som dei skal visa fram er Hans Sande.

– Han snakka om at han ville satsa på eit publikum på mellom fem og ti år. Det er litt uklart kva han finn på, men det er alltid noko gøy, seier Kaldestad.

Les saka i Sunnhordland!

Roald Kaldestad er veldig glad for å endeleg ha fått tak i den populære fantasyforfattaren. Her med styremedlem Jane C.S. Jünger frå festivalen i 2013. Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Faktaboks

Lene Kaaberbøl
• Skriv i hovudsak fantasy for barn og ungdom.
• Bøkene hennar er selde i nesten to millionar eksemplar i meir enn 30 land.
• Ho er mest kjent for serien «Skammarens dotter» (Samlaget). Det har nettopp blitt kjent at boka blir storfilm, med mellom andre Maria Bonnevie på rollelista. Filmen har premiere våren 2015.
• Saman med Agnete Friis debuterte Kaaberbøl òg som kriminalforfattar med «Gutten i kofferten», som blei kåra til beste danske kriminalroman i 2008.

Kjelde: Falturiltu