Elevsamtalen på scenekanten

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur mange kan gjer litt forhasta studieval, på grunn av forventningane om at dei skal byrje å studera og få seg jobb, seier Anders Løkeland Slåke, som er aktuell med oppsetjinga av sitt første dramatiske verk på ei scene.

LES OGSÅ: – Deilig å forlate vidaregåande

Ventar på sceneoppsetjing
20-åringen frå Valen i Kvinnherad bur for tida i Bergen der han held på med første året i ein bachelorgrad i medievitskap.

Før jul prioriterte han skrivearbeid framfor eksamen, og vart løna med førsteplassen i ein skrivekonkurranse skipa av Teatret Vårt i Molde, Bjørnsonfestivalen, Språkåret 2013 og Ivar Aasen Tunet.

Med tema Ungt blikk på verda skulle ungdom mellom 13 og 20 år skrive for scena. Det er noko kvinnheringen ikkje hadde gjort før, men han tok utfordringa på strak arm.

Og sidan han spissa blyanten, vil no karakterane hans få liv på scena til teateret i Molde torsdag 13. februar under gratisarrangementet Ungt blikk på verda. Det er han spent på, og gler seg svært til å sjå resultatet i rosebyen.

Snart får han sjå korleis bileta i hovudet hans stemmer med scenetolkinga.

LES OGSÅ: Frå rappar til teaterregissør

Vanskelege val
I stykket Ventar framleis møter me Geir, som går siste året på vidaregåande. Han er usikker på framtida, og fortida. Geir har ein far som stakk frå han og mora då han var ein liten gut. Utan forklaring. Den kjem mange år seinare, i eit brev som mora skulle gje han når han vart myndig. No møter guten forventningar og press frå ulike hold, noko som er eit velkjent problem for mange unge i den fasen av livet.

I elevsamtalen med læraren kjem det fleire tilbakeblikk, frå ein gut som slit med å sjå kvar vegen skal gå vidare. Og råda til læraren er ikkje til mykje hjelp.

Sjølv om stykket ikkje er heilt sjølvbiografisk, kan forfattaren relatere til det å ikkje vere heilt sikker på kva utdanning og karriereveg ein skal velje.

Sjølv om me i Noreg kan studere kva tid som helst, kjenner han på ein uskriven regel om at etter vidaregåande skal ein finne ut kva ein vil gjere. Og sjølv om det ikkje har store konsekvensar å hoppe av eit studieløp i Noreg, er ikkje utdanningssystemet bygd for å prøva og feila.

Han drøymer om å kunne leve av å skrive, men veit at det er ein vanskeleg veg å gå.

LES OGSÅ: Valets kvaler om utdanning

Ut av skriveskåpet
Sjølv om han alltid har skrive er det først etter vidaregåande at han byrja å stikke seg fram.

– Det var då eg kom ut av heimkommunen min, at eg på ein måte kom ut av skåpet, forklarar 20-åringen om skriveinteressa.

Då flytta han frå Valen i Kvinnherad for å gå på Solborg folkehøgskule i Stavanger, noko han ikkje har angra på. Her fekk han positive tilbakemeldingar på skrivinga si og møtte mange nye interessante folk.

– På folkehøgskule får ein lov å vere litt spesiell, seier studenten, som no trivst godt i Bergen by.

Sjølv plar han ikkje plassere karakterane sine i eit konkret miljø, men han har utan tvil funne sitt i Bergen. I tillegg til å bryne seg på diverse skrivekonkurransar er han med i skrivegruppa til studentteateret Immaturus. Der gjev dei konstruktiv tilbakemelding på kvarandre sine tekstar og skipar innimellom poesikveldar.

LES OGSÅ: Fleire på opera, færre på teater

Vegen vidare
Men så var det dette med kva ein skal verte. Anders vurderer å verte ein del av statistikken over dei som hoppar av studiet, men er ikkje sikker. Han vil nok søkje skrivekunstakademiet, men er ikkje sikker på om han vil gå der. Kanskje han berre vil ta eit år og jobbe samstundes som han skriv.

Sjølv om han ikkje vart heilt sikker på vegen vidare etter folkehøgskulen, fekk han i alle fall funne ut litt om kva han ikkje vil gjere vidare.

– Det har betydd alt for kor eg er i dag og kvar eg kjem til å vere om ti år, meiner Anders, som føreslår eit obligatorisk folkehøgskuleår for alle.

Han er i alle fall ikkje i tvil om at å kome seg ut og få nye impulsar etter vidaregåande er ein god idé.