– Køyrer oss rett i grøfta på vandalveg
Natur og Ungdom rasar mot at Vegvesenet og samferdselsministeren opnar for 130 km/t på E39.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Køyrer oss rett i grøfta
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og Statens vegvesen ynskjer å leggja til rette for at E39 blir dimensjonert for fart opp til 130 kilometer i timen og meiner at dette vil styrkja næringslivet og samstundes gjera det lettare for foreldre som skal levera borna sine i barnehagen.
LES SAKA: Opnar for superfart på E39
Natur og Ungdom rasar mot utspelet og ynskjer heller at vegpengane blir omdisponert til å styrkja kollektivtrafikken.
– Når regjeringa no vil opna for 130 km/t på E39, gjer dei eit allereie klimakatastrofalt prosjekt verre. Me skjønar at miljø ikkje står høgast på Solvik-Olsens prioriteringsliste, men regjeringa er politisk bunden av Nasjonal Transportplan og klimaforliket, som seier at Noreg skal redusera utsleppa frå transportsektoren. Då blir det for dumt å finna på nye måtar og skapa utslepp på. No legg Ketil Solvik-Olsen opp til å bryta nasjonale målsettingar om utsleppskutt og tek oss med dette på ein heisatur baklengs inn i framtida seier, Tale Hammerø Ellingvåg, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.
– Natur og Ungdom er i mot ferjefri E39. Me meiner det er ein legendarisk feilprioritering, legg ho til.
– Samanliknar eple og pærer
– Solvik-Olsen samanliknar eple og pærer når han set det å henta i barnehagen i tide opp mot å kutta klimagassutslepp. Det finst betre løysingar på god arealplanlegging enn å byggja ut den vandalvegen E39 vil vera for klimaet. Midlane som er tenkt til vandalvegen ville på alle måtar hatt meir nytte for seg om dei hadde blitt brukt på eksempelvis jernbane eller fortetting rundt kollektivknutepunkt, og slik det blir lagt opp til no vil midlane regelrett bli kasta ut bakluka. Me kan ikkje tillata at regjeringa køyrer både klimaet og oss 130 km/t rett i grøfta, seier Tina Vaagenes Andersen, fylkesleiar i Hordaland Natur og Ungdom.
Vil ha lyntog i staden
Natur og Ungdom er derimot svært positive til lyntog mellom dei store byane i Noreg.
– Jenbanen må ta det store framtidige transportbehovet. Men, me er ikkje for det som eit tillegg til E39. Det blir like ressurssløsande som å byggja ut E16 Hønefoss-Oslo sammen med togstrekninga Hønefoss-Oslo. Jernbanen må koma, og den må koma åleine, seier Tale Hammerø Ellingvåg.