IOC sin respektlause reaksjon i sørgebandssaka er berre eit av mange symptom på at organisasjonen skrik etter reform.

Ordet «pamp» er sjeldan meir passande enn når ein snakkar om IOC – guteklubben som sit og styrer den olympiske skuta. OL-pampane har ved fleire anledningar sett det som si oppgåve å hindre politiske ytringar av omsyn til «show og underhaldning». Sørgebandsnekten går difor inn i ei rekke av slike hindringar, fordi ingenting for alt i verda må kome i vegen for leik, moro og feiring. Ytringsfridom ser ikkje ut til å vere på lista over olympiske verdiar.

I London-OL var det forbode med politiske bodskap på t-skjorter. Vi veit at IOC-pampane ordnar seg med ekstraordinære skattefritak som sikrar dei sjølv og sponsorane ein uforholdsmessig stor del av kaka. Pengane kan oppbevarast trygt og godt i Sveits der organisasjonen får store skattefordelar. I Seoul, Beijing og Rio de Janeiro har menneske blitt tvangsflytta frå det som skulle bli OL-anlegga.

I Sotsji er det knapt betre, der oligark-venene til Putin har tjent store pengar på å få milliardkontraktar til utbygging av OL-anlegg i Sotsji. Den tidlegare russiske visestatsministeren seier at vegen fram til OL i Sotsji har vore ein modell for kompiskapitalisme, lovløyse, ineffektivitet og manglande omsyn til menneske og natur.

Vi burde kanskje oftare stille oss spørsmålet om kvifor vi arrangerer og deltar i OL? Opprinneleg var jo leikane meint å vere til ære for framskritt, talent og eigeninnsats. OL skulle gje oss moral. Med det kommersielle sirkuset som OL etter kvart har blitt, er det også mykje politisk og kommersiell makt knytt til OL.

Når KrFU i oktober sa nei til OL i Oslo, var eit av argumenta at IOC måtte få tydeleg beskjed om at Norge kan tolerere måten organisasjonen opptrer på. Så langt har Sotsji-OL bidratt til mykje god underhaldning, men IOC har òg brukt OL til å vise sitt til tider uforståelege ansikt. Mange har fått augo opp for måten IOC opptrer på.

Så vil nokon hevde at ein då like godt burde boikotte heile OL, men eg trur det vil ramme andre enn ein ønsker å ramme. For alle utøvarar og publikum – meg sjølv inkludert i den siste kategorien – er jo OL eit høgdepunkt kvart andre år. Og det er jo ikkje tvil om at OL representerer mange gode verdiar vi bør hegne om – til tross for måten IOC opptrer på.

At IOC og Gerhard Heiberg i dag seier at dei vil sjå på regelverket sitt og tar sjølvkritikk på at dei viste for lite medmenneskelegheit i sørgebandssaka, er heilt på sin plass. Det er likevel ikkje nok til å lette inntrykket av IOC som ein tungrodd, udemokratisk og lukka organisasjon som ofte er i direkte konflikt med dei verdiane dei olympiske leikane eigentleg representerer.

Eg meiner det ikkje er ein organisasjon som fortener ein norsk OL-søknad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE