Folkemusikar Sigrid Moldestad kjem no med si fjerde soloplate, «Brevet til kjærleiken», som er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim og hundreårsjubileet hans.

NPK
NPK
Faktaboks

For å feire plateslepp legg Sigrid Moldestad med band ut på sleppturné i februar og mars med konsertversjonen av «Brevet til kjærleiken»:

14.02 – Det Norske Teatret / foajeen (Bikuben) – Oslo

15.02 – Skjåkfest / Marlo Grendahus – Skjåk

16.02 – Midtgulen kyrkje – Midtgulen/ Kjelkenes

27.02 – Trivselshagen – Sandane

28.02 – Kultursalen / Førdehuset – Førde

01.03 – Kultursalen / Sogndal kulturhus – Sogndal

02.03 – Selje kyrkje – Selje

03.03 – TBA

04.03 – Logenbaren / Logen – Bergen

05.03 – Logenbaren / Logen – Bergen

06.03 – Kunsthuset Kabuso – Øystese

07.03 – Riksscenen – Oslo

12.04 – Vossajazz / Fleichers hotell (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Sigrid Moldestad har laga ei viseplate i grenselandet mellom folk-, pop- og rootsmusikk. Ho har fått med seg eit lag av musikarar som spelar langeleik, munnharper, el-gitarar, hardingfeler, trommer og trøorgel om kvarandre. I sentrum står Moldestad sjølv og formidlar sterke tekstar som har gått frå å vere Bruheims dikt til å bli songar. 11 dikt har Moldestad laga nykomponerte songar av.

Tekstar med djupt alvor
– Då eg vart spurd om å gjere ei plate av dikta hans til hundreårsjubileet, gjekk eg systematisk til verks og byrja å lese alt han hadde gjort. Eg vart fort gripen av det djupe alvoret i mange av tekstene hans. Dei store orda. Eg tykkjer han var ein svært modig mann. Sjølv om ein ikkje skal sjå på all dikting som sjølvbiografisk, så kan ein kjenne at det er mykje av han i alle dikta. Sånn sett skreiv han utruleg utleverande, ærleg og modig, forklarar Sigrid Moldestad i ei pressemelding.

Jan-Magnus Bruheim (1914– 1988) vart fødd i Skjåk i Gudbrandsdalen, men budde fleire år i Moldestad sitt heimefylke Sogn og Fjordane. Nesten heile plata er spelt inn i det gamle skulehuset han budde i, ute ved havet i Bremanger i Nordfjord.

– Tittelen på plata er henta frå ei av bøkene hans. Ei lita prosalyrisk bok med tekstar om kjærleiksomgrepet i vidaste forstand. Om det å vere menneske og medmenneske. Det er noko utruleg lengtande i orda hans. Lengten er noko vi alle kjenner oss att i, og er ei drivkraft i alle sine liv, trur eg, seier Moldestad.

Diktbok og turné
I samband med Bruheims hundreårsjubileum har også forfattar Ove Eide redigert Bruheims «Dikt i utval», som kjem same dag som plata. Eide har dessutan skrive forordet i plateomslaget til Moldestad.

Plata kjem i handelen på sjølvaste «kjærleiksdagen» 14. februar, og samtidig som Bruheim ville fylt 100 år.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE