3.500 på konsertane

Vekao bør satsa vidare på dagaktivitetar, meiner festivalsjef André Strann.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har gått greitt, men eg er litt sliten etter 10 dagar, seier Vekao-sjef André Strann.

Ni konsertar, stand up, eit utal dagaktivitetar, konkurransar og nykomlingen eldrekino. Arrangørane kan sjå tilbake på varierte dagar.

Festivalen samla 3.500 publikummarar til konsertane, avslutningskonserten med Valentourettes hadde vel 400 besøkjande.

– Det vart ein veldig fin avslutning med den gode stemninga me jaktar på. Publikum var nøgde, trur Strann.

Trøkk på dagtid

Etter hektiske dagar meiner han dagaktivitetane er noko Vekao bør byggja vidare, og gir det vidare som tips til dei som tek over stafettpinnen.

– Fleire og betre dagaktivitar er vegen å gå, sjakkturneringa hadde til dømes 48 påmelde. Konsertane kjem til å gå sin gang, men på dagtid har me meir å gå på, seier Strann, som håper på litt meir snø neste år slik at det kan bli betre skikonkurransar.

Tre utselde

Opningskonserten med CLMD, Postgirobygget og konserten skidagen vart utselde. Lloyd Banks og Valentourettes var nesten utselde.

– Det var god stemning kvar dag, men me hadde ikkje rekna med fullt hus på alle konsertar og har teke høgde for dette, seier han.

– Fleire har ytra ynskje om verdsstjerner som 50 Cent og Eminem til Vekao. Er det mogleg neste år?

– Ein skal aldri seia aldri. Me prøver å få til det folk vil, i forkant av bookingprosessen prøver me å finna ut kva folk vil ha, den største utfordringa er at Meieriet ikkje tek fleire enn 500 og at billettprisane ikkje kan vera altfor høge og me har eit begrensa budsjett. Men folk likar å spela i Sogndal og me har ei bra konsertscene.

Strann har ikkje finrekna på økonomien, men meiner dei ligg bra an.

– Det blir ikkje eit dundrande underskot.

Vekao 2014: Konsertar, etekonkurranse og innsats for Syria. Sjå bildeserie!

FORESLÅR 50 CENT: Ingveig Habbestad, Hanne Sagen, Endre Fotland og Henrik Almås på Casa Murilo-konsert. Hanne likte seg godt på Stand up og Fjorden Baby-konsert medan Endre vil ha storartistar til Vekao 2015. -Få 50 Cent hit, føreslår han. Foto: Renate Sæle