112.000 gardsbruk lagt ned sidan 1970

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

112.000 bruk lagt ned

Til saman 112.000 bruk er blitt borte. Samtidig har både jordbruksarealet og matproduksjonen auka

Stavanger Aftenblad har samla saman tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), Statens landbruksforvaltning (SLF) og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf). Tala viser at det totale talet på jordbruksbedrifter her i landet er redusert frå 155.000 i 1969 til 46.600 i 2010. Talet gjekk endå meir ned i 2013, til 42.700. Primærjordbruket sysselset i augneblinken vel 47.000 årsverk.

LES OGSÅ: – Ei tikkande bombe i norsk landbruk

Kvar bonde her i landet produserer i dag i snitt dobbelt så mykje mjølk, kjøt, korn og grønsaker per årsverk som ved inngangen til 1990-talet. Den samla kjøtproduksjonen er meir enn dobla frå 150.000 tonn i 1969 til 330.000 tonn i 2013. Større kraftfôrimport har vore avgjerande for denne veksten.

Gjennomsnittsarealet per gardsbruk auka frå 62 dekar i 1969 til 216 dekar i 2010. Og vidare til 230 dekar i 2013.

Talet på mjølkebruk er redusert frå 82.000 til 15.500 i perioden frå 1969 til 2010. SLF-tal frå 2013 viser ein ytterlegare reduksjon til 9.500.

Kraftigast har strukturutviklinga vore innan svine- og fjørfenæringa: I 1969 hadde over 40.000 gardsbruk slaktegrisar. Like mange bruk hadde verpehøner. I 2010 var tala høvesvis 2.200 og 1.850. (©NPK)

LES OGSÅ: Sponheim: – Det kan hende vi har forsømt oss